Historisk arkiv

Svar på spm. 1779 fra Tore Storehaug

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

CO2-avgift

Eg viser til brev av 11. juni frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Tore Storehaug:

Kan finansministeren gjere greie for korleis utviklinga i bruken av LNG og LPG har vore etter at fritaket på CO2-avgift ble fjerna, og om provenyet frå den nye avgifta har vore i tråd med forventingane?

Begrunnelse:
I statsbudsjettet for 2018 vart avgiftsfritaket på LNG og LPG oppheva. Det er ei bekymring for at dette gir endra operasjonsrutinar, og at skip vel diesel framfor LNG ved nybygg.

Svar:
Naturgass og LPG har i hovudsak ei CO2-avgift som er lik den generelle CO2-avgifta på 500 kroner per tonn. Regjeringa sin politikk byggjer på å velje verkemiddel ut i frå kriteria om at forureinar betalar og at klimamåla blir nådd med lågast moglege kostnad. Ei flat CO2-avgift legg til rette for dette. Opphevinga av fritaket for CO2-avgift på naturgass og LPG til gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart og offshorefarty frå 1. januar 2018 må sjåast i den samanheng. Endringa var oppfølging av ei oppmoding frå Stortinget om å innføra lik CO2-avgift på 500 kroner.

Formålet med CO2-avgifta er å leggje til rette for kostnadseffektive utsleppskutt. Ei avgift vil redusere utsleppa anten ved lågare aktivitet eller ved ny teknologi. Regjeringa sine ambisjonar føreset at nullutsleppsteknologi veks frem. Gass er noko meir miljøvennleg enn diesel, som også vert reflektert i avgiftssystemet. Det gir insentiv til å bruke gass. Begge desse energikjeldene er fossile og ikkje ein del av den langsiktige løysinga for nullutslepp. Gass bør derfor ikkje ha lågare avgift enn det som følgjer av eit noko lågare karboninnhald.

Det er berre vel fem månader sidan fritaket for CO2-avgift på naturgass og LPG til gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart og offshorefarty vart oppheva. Det vil ta lengre tid før ein kan danne seg eit bilete av kva veg utviklinga går. Anslag for utviklinga vert lagt frem i statsbudsjettet for 2019 i oktober. Regjeringa vil følgje nøye med for å sikre at vi oppfyller utsleppsforpliktingane våre.

 

Med helsing
Siv Jensen