Historisk arkiv

Svar på spm. 1997 frå stortingsrepresentant Geir Adelsten Iversen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

SSB-tabell 09935. Kan Statsråden leggje fram ei oversikt over kor mange personar som finst innanfor dei ulike desila for kvar av kommunane i landet?

Eg viser til brev av 28. juni 2019 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Adelsten Iversen til skriftleg svar:

«I SSB-tabell 09935 vert utviklinga i gjennomsnittleg bruttoinntekt per desil på nasjonalt nivå i perioden 2010-2017 vist. Kan Statsråden leggje fram ei oversikt over kor mange personar som finst innanfor dei ulike desila for kvar av kommunane i landet?

Begrunnelse:
Dersom det føreligg tal også for 2018, så er dette interessant både for kvar kommune og for landet som heilskap.»

Svar:
Tabell 09935 i SSBs statistikkbank viser gjennomsnittleg bruttoinntekt per desil på nasjonalt nivå, og tal personer med beløp i dei ulike desilgruppene. Tabellen som er lagt ved dette svaret, viser tal på personar i dei ulike kommunane som inngår i dei ulike desilgruppene for bruttoinntekt på nasjonalt nivå. Tabellen dekker perioden frå 2010 til 2017. Det finst enno ikkje tal for 2018.

På grunn av enkelte problem med kommunenummera er Bjarkøy og Mosvik innlemma i høvesvis Harstad og Inderøy kommune et år tidlegare i den vedlagte tabellen enn i realiteten.

 

Med helsing
Siv Jensen