Historisk arkiv

Svar på spm. 265 frå stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Utvalg og habilitet

Spørsmål: Har statsråden merka seg desse forholda, og har statsråden vurdert om dette gjev grunnlag for å svekke utvalget sin habilitet, og i tilfelle kan statsråden gjere greie for dei vurderingane som er gjort?

Begrunnelse:
Regjeringen oppnevnte den 4. mars i år eit offentleg utval som skal utgreiia korleis delingsøkonomien kan gje ein meir effektiv ressursbruk.

Det har etter utnemninga kome reaksjonar på at eit av utvalsmedlemene har ei leiande rolle i ei foreining der den ulovlege persontransporttenesta Uber er medlem. I tillegg har andre medlemmer uttalt seg positivt i det offentlege ordskiftet til Uber og andre ulovlege persontransporttenester.

Svar:
I spørsmålet blir det peikt på reaksjonar på at Delingsøkonomiutvalet har ein medlem som også har ein leiande posisjon i ei foreining der Uber er medlem, i klårtekst direktør Christine Korme frå Abelia. Korme sit som representant for arbeidsgjevarsida, det vil seie som representant for NHO og dei andre arbeidsgjevarorganisasjonane. Trude Tinnlund representerer arbeidstakarsida.

Det var eit sjølvstendig poeng at partane i arbeidslivet skulle vere representerte i Delingsøkonomiutvalet. I tillegg til partane i arbeidslivet sit direktøren i Forbrukerrådet også i utvalet, og det same gjeld sjeføkonomen i IKT-Norge, ei interesseforeining for IKT-næringa. Saman med ekspertar frå ulike fagfelt og ein representant som sjølv er gründer innanfor delingsøkonomi, gjev dette ei god og balansert samansetting av utvalet.

Det er ikkje uvanleg at partsinteresser er representerte i offentlege utval. Det kan bidra til å belyse eit tema frå ulike synsvinklar. Prosessar der ulike partar møter kvarandre og diskuterer ulike løysingar, kan legge til rette for konsensusbygging og dialog på tvers av ulike samfunnsinteresser.

Når eit offentleg utval er oppnemnt, ligg det ingen føringar frå regjeringa si side om korleis det skal arbeide, utover det som måtte gå fram av mandatet. Det vanlege er, og det gjeld òg for Delingsøkonomiutvalet, at utvalet sjølv avgjer om dei til dømes skal ha ei felles tilnærming til det å uttale seg i media eller delta i det offentlege ordskiftet, og eventuelt korleis denne tilnærminga skal vere. Det er ikkje uvanleg at utvalsmedlemer ytrar seg offentleg om same eller tilgrensande spørsmål som det dei jobbar med i utvalet. I mange tilfelle er det ikkje mogeleg å unngå dette, fordi mandatet for utvalet ligg innanfor vedkommandes ordinære arbeidsfelt, anten dette er som forskar, tilsett i organisasjonar eller forvaltning. 

Eg kan ikkje sjå at det er noko problematisk med samansettinga av Delingsøkonomiutvalet eller med utvalet si arbeidsform. Samansettinga av utvalet er etter mi vurdering eit godt utgangspunkt for å belyse dei temaa som ligg i mandatet utvalet har fått.

Med helsing
Siv Jensen