Svar på spm. 441 frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

IMF og ebola-krisen

Eg viser til brev av 12. januar d.å. frå Stortingets presidentskap med følgjande spørsmål:

 ”Eg vil be finansministeren gje skriftleg svar på følgjande spørsmål:

 Vil regjeringa be om at den nordisk-baltiske representanten i IMF-styret røystar for forslaget om gjeldsslette til dei Ebola-råka landa, og vil gjeldsslette utover det eksisterande krisefondet (Post-Catastrophe Debt Relief Fund) kunne takast frå IMF sitt overskot?

 Grunngjeving:
I følgje det internasjonale pengefondet (IMF) vil dei Ebola-råka landa Sierra Leone, Liberia og Guinea til saman ha brukt 100 millionar dollar i gjeldsnedbetaling i 2014. Desse midlane burde heller nyttast i kampen mot Ebola og til å byggje opp grunnleggjande helse- og utdanningstenester. USA har foreslått å gje gjeldsslette gjennom IMFs Post-Catastrophe Debt Relief Fund, som vart etablert i 2010 etter at eit jordskjelvi råka Haiti. G20 har gått lenger ved å be IMF om a gjere USD 300 millionar tilgjengeleg gjennom gjeldsslette, lån og bistand. IMF sitt krisefond er i dag på USD 150 millionar, og vil ikkje vere tilstrekkeleg til a dekke forslaget frå G20. Dei siste tre åra har IMF hatt eit betydeleg overskot, og det kan vere eit alternativ at IMF brukar delar av dette overskotet til a fylle opp katastrofefondet. Det vil vere ønskjeleg at den nordisk-baltiske representanten støttar forslaget om gjeldsslette til Guinea, Sierra Leone og Liberia gjennom IMFs katastrofefond når dette vert behandla i IMF sitt styre.» 

Svar:
Noreg tek del i arbeidet mot ebola-epidemien på fleire måtar. Vi har auka den bilaterale bistanden til dei landa som er mest råka, og vi gir støtte gjennom institusjonar som Verdsbanken, Den afrikanske utviklingsbanken, UNDP, Unicef og andre.

Det internasjonale valutafondet (IMF) har ei viktig rolle i arbeidet med å handtere dei økonomiske konsekvensane av Ebola-krisa. Valutafondet løyvde i fjor haust nye lån til Liberia, Sierra Leone og Guinea på til saman 130 mill. dollar. Låna blei gitt gjennom fondet si ordning for gunstige lån til fattige land. Låna har for tida nullrente. Styret i fondet forlengde rett før jul perioden med nullrente til slutten av 2016. Noreg støttar denne ordninga med midlar til utlån og rentesubsidiar.

Låna frå Valutafondet gjer dei tre landa betre i stand til å sette inn tiltak mot ebola-epidemien. Samstundes må låna etter kvart betalast tilbake. Ved utgangen av 2014 hadde dei tre landa lån frå IMF på til saman 912 mill. SDR. Det svarar om lag til 1,3 mrd. amerikanske dollar (med valutakurs 31. desember 2014). I løpet av 2015 og 2016 skal dei tre landa etter planen betale avdrag som svarar om lag til 44 mill. dollar.

Det har kome framlegg om løysingar som kan lette gjeldsbyrda for Liberia, Sierra Leone og Guinea slik at dei får meir ressursar å nytte innanlands. USA tok i november til orde for å finansiere dette med naturkatastrofefondet til IMF (Post-Catastrophe Debt Relief Trust). Om denne ordninga skal kunne brukast, må ein utvide  spekteret av katastrofar som er omfatta.

I erklæringa frå G20-toppmøtet i november i fjor blei dei internasjonale finansinstitusjonane oppmoda om å hjelpe land som er råka av ebola-krisa eller andre humanitære kriser. Samstundes ga Australia som G20-leiar støtte til eit initiativ frå Valutafondet for å auke hjelpa til dei landa som er råka av ebola-utbrotet med 300 mill. amerikanske dollar i form av gjeldsslette, lån og bistand. Det er naturleg å tolke dette som å omfatte bidrag også frå andre enn Valutafondet. Initiativet kan eventuelt også omfatte sletting av bilateral gjeld. Noreg hadde i si tid fordringar på alle dei tre verst råka landa. Desse blei sletta mellom 2006 og 2011.

Valutafondet sin administrasjon arbeider no med forslag til korleis det best kan gi meir støtte til dei aktuelle landa. Eg er glad for dette viktige initiativet og vil ha eit positivt utgangspunkt når eg skal vurdere norsk haldning til dei forslaga som blir lagt fram for -styret. Eg legg til grunn at forslaga vil dekke både bistands- og finansieringsida, og at fondet vurderer alle aktuelle finansieringskjelder, eventuelt også sitt eige overskot. Skulle det bli aktuelt å vurdere å støtte Valutafondet sitt initiativ gjennom bidrag over bistandsbudsjettet, vil eg samrå med utanriksministeren om det.

Med helsing

Siv Jensen