Historisk arkiv

Svar på spm. 573 fra stortingsrepresentant Hadia Tajik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Om provenyvirkningene av fritaksmetoden

Eg viser til brev 16. desember 2019 frå Stortingets president vedlagt følgande spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Hadia Tajik:

Kva er provenyet dersom fritaksmodellen som vart innført i 2006 vert reversert, og kva endringar kan gjerast i modellen for å hindre at ein får evigvarande utsatt skatt?

Begrunnelse:
Viser til omtale av fritaksmodellen i DN 14.12.19 om konsekvensar av fritaksmodellen som vart innført i 2006. I evalueringa av skattereformen vart ikkje provenyeffekten av endringar i fritaksmodellen vurdert. At overskot aldri vert skatta av, dersom ein aldri tek utbytte, vart adressert i Skauge-utvalet. Der stod det at:

«Systemet åpner bl.a. for at det kan bygges opp store skattekreditter innenfor selskapssektoren, med fare for at overskudd over alternativavkastningen aldri kommer til beskatning i Norge».

Sia dette var ein kjent, teoretisk moglegheit bør eventuelle verkemidler for å motverke det òg vere ein del av den offentlege debatten.

Svar:
Vi må ha rammer som fremjar investeringar, vekst og verdiskaping. Det kjem oss alle til gode at overskotet blir reinvestert i nye idear og lønsame prosjekt. Det legg til rette for arbeidsplassar i bygd og i by. At det blir investert i verksemder og arbeidsplassar som går med overskot og betalar skatt, legg grunnlaget for velferda vår. Vi må skape eit samfunn der det er lov å lykkast, lønnsamt å jobbe og som løfter alle som bidrar. 

Verdiskapinga i selskapssektoren blir løpande skattlagd gjennom selskapsskatten. Fritaksmetoden sørger for at overskot ikkje blir skattlagt fleire gonger i  kjeder av selskap, såkalla kjedeskattlegging, ved at utbytte og aksjegevinstar normalt er skattefrie for selskap som mottek utbytte eller gevinst. Utan mekanismar for å motverke kjedeskattlegging kan skattenivået på selskapsoverskot bli urimeleg høgt og vilkårleg, avhengig av korleis selskapsstrukturen ser ut. Kjedeskattlegging kan føre til at kapital vert låst inne i ei lite lønsam verksemd, som igjen fører til lågare samla avkastning på kapitalen i økonomien.

Før innføringa av fritaksmetoden i 2004 hadde vi andre reglar for å motverke kjedeskattlegging i selskapssektoren. Utbytte frå norske selskap var i praksis skattefrie gjennom den såkalla «godtgjeringsmetoden». Skatt på utbytte frå utanlandske selskap vart redusert gjennom kreditfrådrag for selskapsskatten og kjeldeskatten som det underliggande selskapet hadde betalt i utlandet. Skatt på aksjegevinstar på aksjar i norske selskap vart utlikna krone for krone mot skatt på tilbakehalde overskot i det underliggande selskapet gjennom den såkalla RISK-metoden. Fritaksmetoden inneber i stor grad ei vidareføring av skattefritaket på aksjeinntekter i selskap. I så måte må ein anta at provenyverknadene har vore moderate.

I visse høve inneber fritaksmetoden lågare skattlegging av aksjeinntekt i selskap samanlikna med systemet før skattereforma i 2006. Aksjegevinstar knytt til utanlandske selskap blei skattlagde fullt ut før reforma, medan desse i stor utstrekning vart skattefrie med fritaksmetoden. Lik behandling av aksjeinntekter frå norske og utanlandske selskap var nødvendig for å etterleve pliktene som Noreg har etter EØS-avtala. Før skattereforma i 2006 vart dessutan aksjegevinstar knytt til forventningar om framtidig overskot, altså ikkje knytt til tilbakehalde overskot, skattlagt i selskapet ved realisasjon. Før skattereforma i 2006 vart det heller ikkje skatt på aksjegevinstar når ein så seljar og kjøpar under eit. Ein skatt på gevinst hos seljaren blei alltid over tid motsvart av eit seinare frådrag hos kjøpar som følgje av RISK-modellen. Systemet før reforma ga motiv til å realisere tap tidleg og utsetje gevinstar så lenge som mogleg. Fritaksmetoden, som erstatta RISK-metoden, vart ikkje berre ein forenkling, men tok også bort denne mogligheita til å tilpassa seg systemet. 

Då Stortinget innførte fritaksmetoden i 2004 som ein del av 2006-reforma, blei det vist til at metoden gjekk inn i ein internasjonal trend der godtgjeringssystema vart erstatta med skattefritak for aksjeinntekter i selskap frå både innanlandske og utanlandske selskap. Det blei mellom anna vist til at slike skattefritak var innført eller planlagt innført i Sverige, Danmark, Finland, Storbritannia, Tyskland og Nederland, sjå Meld. St. 29 (2003–2004) Om skattereform, punkt 3.4.1.3.

Departementet har ikkje berekna provenyverknaden av å erstatte fritaksmetoden med reglane for skattlegging av aksjeinntekter for selskap som gjaldt før 2006-reforma. Dette krev først eit anslag på samla inntekt under fritaksmetoden, og deretter eit anslag på RISK-frådrag, godtgjeringsfrådrag og kreditfrådrag som hadde utlikna dei auka inntektene som ville oppstått utan fritaksmetoden. Vidare måtte ein tatt høgde for at innføring av det gamle systemet for skattlegging av aksjeinntekt i selskapssektoren kunne føre til innlåsingseffektar for investeringar som ville fått kjedeskattlegging. Det gjeld dei tilfella der overgangen til fritaksmetoden ga lågare eller utsett skatt. Innlåsinga ville gitt færre realisasjonar og dermed lågare skatteinntekter frå tiltaket.

Eg vil dessutan hevde at eit anslag på provenyverknader av å reversere reglane om skattlegging av aksjeinntekt for selskap til dei som gjaldt før 2006-reforma, vil vere av avgrensa interesse ettersom eit slikt tiltak ikkje vil vere i tråd med EØS-retten og difor ikkje mogleg å gjennomføre.

DN-artikkelen som representant Tajik viser til i grunngjevinga for spørsmålet, framstiller innføringa av fritaksmetoden gjennom 2006-reforma som ei gåvepakke til landets rikaste. Denne framstillinga er ikkje dekkande. For det første, som forklart ovanfor, inneber fritaksmetoden i stor grad ei vidareføring av skattefritak på aksjeinntekt i selskap. For det andre innførte vi samstundes aksjonærmodellen, som skattlegg aksjeinntekt ut over risikofri rente når inntekta går til personlege aksjonærar. Utbytte og aksjegevinstar var i stor utstrekning skattefrie for personlege aksjonærar før 2006-reforma som følgje av at også personlege aksjonærar kunne krevje  godtgjeringsfrådrag og RISK-frådrag.

Representant Tajik spør kva som kan gjerast med fritaksmetoden for å unngå evigvarande utsett skatt. Utifrå grunngjevinga for spørsmålet forstår eg spørsmålet som å gjelde moglege endringar i fritaksmetoden for å unngå utsett utbytteskatt for personleg aksjonær. Utbytteskatten skal først betalast når selskap deler ut utbytte til personleg aksjonær eller når personleg aksjonær realiserer aksjegevinst. Dersom selskapet ikkje deler ut utbytte til personleg aksjonær, vil det heller ikkje utløysast utbytteskatt for aksjonæren. Dette følgjer av uttaksprinsippet i aksjonærmodellen.

Dersom ein skulle vurdere særlege tiltak, meiner eg at det ville være meir relevant å sjå på reglane knytt til dei personlege aksjonærane.

Her har allereie regjeringa tatt grep. Aksjonærmodellen ga moglegheit for å utsetje utbytteskatt ved at aksjonæren kunne få tilgang på middel i selskapet ved å ta opp  lån frå selskap i staden for å dele ut utbytte. For å motverke dette fremja regjeringa forslag for Stortinget om at slike lån skal skattleggast som utbytte, sjå Prop. 1 LS (2015–2016) kapittel 5. Stortinget vedtok forslaget.

Det har òg vore peikt på høve der eigar privat har nytta selskapet sine midlar. Når vi har utbytteskatt for personlege aksjonærar, kan det gi insentiv til å omgå utbytteskatt ved at eigaren til dømes bruker av selskapets midlar til å dekkje sitt private konsum. Vederlagsfritt privat konsum av selskapets midlar skal skattleggast som utbytte for eigaren. Selskapet skal på si side inntektsføre og skattleggast for verdien av den vederlagsfrie overføringa til aksjonæren. Alternativt må eigaren betale marknadsspris for varer eller tenester ein tek imot frå selskapet. Selskapet må då skatte av vederlaget på vanleg måte. Å konsumere gjennom selskapet som ein eig, er altså ikkje ein lovleg måte å unngå utbytteskatt på.

Eit anna høve som har vore peikt på, er aksjonærar som flytt ut av landet. Her har vi serlege reglar om skattlegging av ikkje-skattlagde gevinstar ein tek ut av norsk skattleggingsområde ved utflytting.

Formålet med fritaksmetoden er å hindre at overskot i selskap vert skattlagt fleire gonger ved at utdeling av utbytte frå eit selskap til eit anna er gjort skattefri. Endringar i fritaksmetoden som fører til kjedeskattlegging av overskot, vil vere uheldig fordi det kan føre til innlåsing av kapital i lite lønsame selskap.

 

Med helsing
Siv Jensen