Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Svar på spm. 73 frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand

Om endringar i inntektene frå vasskraftverk

Eg viser til brev av 11. oktober 2019 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand til skriftleg svar:

«Kraftskatteutvalet har tilrådd regjeringa å endre høve for inntektene frå vasskraftverk som no går direkte til kommunane. I Oppland fylke kan for eksempel Skjåk kommune miste 27 mill. kr og 39 årsverk eller 20 pst. av sysselsettinga, og Vang kommune kan miste 34 mill. kroer og 16 pst. av sitt budsjett.

Kva for motivasjon skal lokalsamfunn ha for å vere vertskap for kraftanlegg som fører med seg store naturinngrep og forsyner storsamfunnet og eksportkablar med straum, utan å vere sikra inntektene?»

Svar:
Kraftskatteutvalet fekk mandat om å gjere ei heilskapleg vurdering av skattlegginga av kraftverk. Hovudoppgåva var å vurdere om gjeldande skattlegging av vasskraft hindrar at samfunnsøkonomisk lønsame tiltak i vasskraftsektoren vert gjennomførte. Det gjekk fram av mandatet at utvalet kunne sjå bort frå verknaden av forslaga på fordeling av skatteinntekter mellom skattekreditorar (staten, kommunar og fylkeskommunar) og at departementet ville kome tilbake til dette etter at forslaga frå utvalet er vurderte.

Utvalet leverte si innstilling 30. september 2019, jf. NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk. Rapporten er send på høyring med frist for å sende høyringssvar 1. januar 2020.

Regjeringa er oppteken av at vasskrafta også i framtida skal gje positive ringverknader for lokalsamfunna. Slik eg ser det, er det ingenting i utvalet sine forslag som hindrar at kraftinntektene til kommunar og fylker kan verte haldne ved lag. 

 

Med helsing
Siv Jensen

Til toppen