Historisk arkiv

Svar på spm. 874 frå stortingsrepresentant Hadia Tajik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Kontrollomfang

Eg viser til brev av 6. februar 2020 frå Stortingets president, vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik til skriftleg svar:

«Kan statsråden leggje fram a) kontrolltal inndelt etter type for rekneskapskontroll, formalkontroll, oppgåvekontroll meirverdiavgift, utvida likningskontroll for næringsdrivande og arbeidsgjevarkontroll, samt b) tal og fakta som syner om det er skilnad på kontrollhyppigheit etter storleik på føretaka?

Begrunnelse:
Viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 752

Svar:
Utviklinga i kontrollomfang må sjåast i samanheng med at Skatteetaten dei siste åra har endra arbeidsmetodikk og no i større grad legg vekt på heilskapleg verkemiddelbruk, jf. mitt svar på spørsmål 752. Skatteetatens val av verkemiddel skjer på grunnlag av kunnskap om risiko og kva som gjev etterleving i ulike målgrupper. Denne tilnærminga er i tråd med tilrådingar frå OECD.

Frå 2012 endra Skatteetaten kontrollomgrepa sine for betre å kunne kategorisere kontrollane etter formålet med kontrollen og for å få betre kvalitet i talgrunnlaget. Dei nye kontrollomgrepa passa òg betre med den nye arbeidsmetodikken.

Skatteetaten har opplyst om følgjande kontrolltal, inndelt etter type:

Kontrolltype

2010*

2011*

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Rekneskapskontrollar

4 677

5 811

 

 

 

 

 

 

 

Formal- og informasjonskontrollar

691

394

 

 

 

 

 

 

 

Avgrensa rekneskapskontrollar**

1 500

 

 

 

 

 

 

 

 

Etterkontrollar (avdekking-, oppfølging- og undersøkingskontrollar)

   

7 007

5 184

4 490

2 920

3 359

3 236

3 555

Formal- og grunnlagsdatakontrollar

   

110

237

1 498

1 364

1 941

1 028

943

Oppgåvekontroll meirverdiavgift

20 144

20 212

20 791

16 085

12 298

13 493

12 499

11 279

10 320

Utvida kontrollar under likninga

33 000

19 646

32 957

15 272

16 120

13 910

14 742

12 175

13 815

 Arbeidsgjevarkontrollar skatteoppkrevarane

8 141

8 667

9 067

8 888

10 142

9700

9 142

9 956

10 887

*Frå 2012 endra Skatteetaten kontrollbegrepa sine. Tala for 2010 og 2011 er difor ikkje direkte sammenliknbare med tala for perioden 2012–2018.
** Avgrensa rekneskapskontrollar vert ikkje nytta etter 2010.

Skatteetaten følgjer ikkje talet på kontrollhyppigheit etter storleiken på selskapa. Slike tal kan skaffast til vege, men det vil være særs tid- og ressurskrevjande for etaten. Årsaka til at etaten ikkje treng slike tal, er at dei gjev eit lite dekkjande bilete av korleis Skatteetaten arbeider. Skatteetaten rettar særleg innsatsen sin mot område og verksemder der risikoen for manglande etterleving er størst, uansett storleik, og bruker mange virkemiddel i dette arbeidet.

Etaten har ei eiga storbedriftsavdeling som er i kontinuerleg dialog med dei store konserna for å sikre riktig skatt og meirverdiavgift. Storbedriftsavdelinga utarbeider ei konsernrisikovurdering for alle konsern med over 1 mrd. kroner i omsetning og gjennomfører bransjeanalysar der det er formålstenleg. Denne arbeidsmetodikken gjev Skatteetaten god kunnskap om konserna og set den i stand til å førebyggje risiko for manglande etterleving. Storbedriftsavdelinga har òg ansvar for Skatteetatens arbeid med internprising.

For alle selskap som er omfatta av konserntilnærminga, vert ei risikobasert vurdering og oppfølging nytta. Kontroll er berre eit av fleire verkemiddel her.

 

Med helsing
Jan Tore Sanner