Historisk arkiv

Svar på spm. nr. 1454 fra stortingsrepresentant Ingrid Heggø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Om at skattekuttene kommer til de rikeste og hvordan skattekuttene fordeler seg mellom kvinner og menn

Eg viser til brev av 26. april frå Stortingets presidentskap vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø:

«Det er godt dokumentert at regjeringa har gitt dei største skattekutta til dei rikaste menneska i Norge. I Nrk idag viser ein til at nordmenn som tenar over 10 millionar har sidan 2013 fått eit skattekutt som er hundre ganger større enn dei som tenar mellom 150000 og 250000. Skattepolitikken til regjeringa aukar forskjellane i Norge og bidreg også til at forskjellane mellom kvinner og menn aukar. Korleis er kjønnsbalansen på dei som tenar over 10 mill og på dei som tener mellom 150000 og 250000?

Grunngjeving:
Det er gjeve hundre ganger meir i skattekutt for dei rikaste i Norge etter at Regjeringa Solberg overtok. Tala eg viser til kom fram på eit skriftlig spørsmål og svar frå finansministeren frå representanten Kari Elisabeth Kaski. Arbeiderpartiet meinar det er sterkt urovekkande at forskjellane i Norge aukar mellom dei som tenar mykje og dei som tenar lite, og at skattekutta kjem til dei rikaste . Korleis skattekutta fordelar seg mellom kvinner og menn vil også vera interessant.»

For å kunne finansiere eit høgt velferdsnivå i åra framover er det heilt naudsynt å gjere det lønnsamt å starte og utvikle nye verksemder. Skattesystemet skal fremme vekst og legge til rette for styrka konkurransekraft og at det vert skapt fleire nye lønnsame arbeidsplassar. Regjeringa har difor prioritert skattelettar som stimulerer til arbeid og innsats, og eit lågare skattenivå for å gje meir valfridom til familiane. Det skal lønne seg meir å spare, jobbe og investere. Lågare skattesats på lønn og bedriftsoverskot er særleg vekstfremmande. Formuesskatten gjer det mindre lønnsamt å spare og svekker privat norsk eigarskap. Difor har vi redusert skattetrykket.

Dei samla skatte- og avgiftsendringane under regjeringa Solberg til og med Nasjonalbudsjettet 2018 summerer seg til om lag 24 mrd. kroner. Departementet kan gje anslag på skatteendringar per person i ulike inntekts- og formuesintervall. Anslaga er basert på Statistisk sentralbyrås (SSB) skattemodell LOTTE-Skatt. Berekningane inkluderer alle endringar i inntekt- og formuesskatten det er mulig å rekne på i modellen.

Det vert vist til svara på spørsmål nr. 1333 og 1332 frå representant Kaski, der det er opplyst om endringane i personskatten som ikkje inngår i berekningane fordi dei ikkje inngår i LOTTE-Skatt. Endringane i selskapsskatten og i avgiftene inngår ikkje i analysen.

Tabell 1 og 2 viser korleis skattekutta har fordelt seg på kvinner og menn frå 2013 til 2017 og for 2018 etter bruttoinntektsintervalla for alle personar 17 år og eldre. Representanten Heggø spør om korleis kjønnsbalansen er i gruppa som tener over 10 mill. kroner og i gruppa som tener mellom 150 000 og 250 000 kroner. Då talet på kvinner i inntektsintervallet over 10 mill. kroner er færre enn SSBs minstegrense for ei enkelt gruppe av personar, er fleire inntektsintervall slått saman. Det er difor i svaret opplyst korleis kjønnsfordelinga er for dei med bruttoinntekt inkl. skattefrie ytingar over 5 mill. kroner.

Tabellane viser fordelinga av skattekutta i kroner fordelt på kvinner og menn. Det er likevel slik at skatten er redusert prosentvis meir i det lågaste inntektsintervallet enn i det høgste, og prosentvis meir for kvinner enn for menn. I perioden 2013-2017 har kvinnene i det lågaste intervallet i gjennomsnitt fått redusert skatten sin med om lag 16 pst. og menn med om lag 12 pst., mens i det høgste av dei to inntektsintervalla har skattereduksjonen vore om lag 5 pst. for kvinner og om lag 3 pst. for menn.

Det er samstundes slik at skattesystemet er individuelt og kjønnsnøytralt innretta. Vi ynskjer ikkje skattemessig forskjellsbehandling mellom kjønna for å korrigera for ulik inntekt og formue før skatt. Det ville ført til at menn og kvinner med same inntekt og formue får ulik inntekt etter skatt.

Tabell 1 Anslått skatt i 2017 og endring i skatt frå 2013 for alle personar som er 17 år og eldre etter bruttoinntekt inkludert skattefrie ytingar. Negative tal betyr skattelettar. Anslag for skatteendringar er rekna i forhold til skattereglane for 2013 justert til 2017.

Bruttoinntekt

 

Talet på 
personar

Gjennom-snittleg   skatt i referanse-alternativet. Prosent

Gjennom-snittleg   skatt i referanse-alternativet. Kroner

Endring i skatt. Mill. kroner

Gjennom-snittlig endring i skatt. Kroner

150 000 - 250   000 kr.

 

Menn

179 700

10,2

21 100

-450

-2 500

 

Kvinner

381 900

7,9

16 000

-970

-2 500

5 mill. kr. og   over


Menn

3 800

38,5

3 894 000

-500

-133 000

 

Kvinner

500

36,5

3 809 100

-100

-190 600

Kilder: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrås Skattemodell, LOTTE-Skatt.

Tabell 2 Anslått skatt i 2018 og endring i skatt for 2018 for alle personar som er 17 år og eldre etter bruttoinntekt inkludert skattefrie ytingar. Negative tall betyr skattelettar. Anslag for skatteendringar er rekna i forhold til referansen for 2018.

Bruttoinntekt

 

Talet på 
personar

Gjennom-snittleg   skatt i referanse-alternativet. Prosent

Gjennom-snittleg   skatt i referanse-alternativet. Kroner

Endring i skatt. Mill. kroner

Gjennom-snittleg   endring i skatt. Kroner

150 000 - 250   000 kr.


Menn

170 400

10,0

20 500

-70

-400

 

Kvinner

373 100

7,3

14 900

-120

-300

5 mill. kr. og   over


Menn

3 700

39,6

3 826 900

-40

-11 900

 

Kvinner

500

37,4

3 654 800

-10

-24 800

Kjelder: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrås Skattemodell, LOTTE-Skatt. 

 

Med hilsen
Siv Jensen