Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1136 fra stortingsrepresentant Jenny Klinge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Ny kontorstruktur for Skatteetaten

Eg viser til brev av 24. mai 2016 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Jenny Klinge til skriftleg svar:

Vil finansministeren sørgje for at eventuelle strukturendringa r i Skatteetaten kjem opp som sak til behandling i Stortinget?

Grunngjeving:
Finansdepartementet sendte 16.02.2016 ut eit oppdragsbrev til Skattedirektoratet om å utgreie organiseringa av Skatteetaten. Ein såkalla «bedre og mer effektiv skatte - og avgiftsforvaltning» er målet, og middelet er tydeleg: færre kontoreiningar. Dette ligg såleis an til å bli nok ei sentraliserande reform i regi av den blå - blå regjeringa, og ingenting tyder på at Stortinget som folkevalt organ skal få noko å seie i denne saka. Dette handlar imidlertid om ei viktig offentleg teneste og om mange arbeidsplassar rundt om i landet, og folkevalt behandling av saka burde kunne forventast.

Svar:
Regjeringa har ansvar for at statsforvaltninga er organisert på ein måte som sikrar effektiv og god oppgåveløysing. Mitt utgangspunkt er at ein ny kontorstruktur for Skatteetaten skal gje meir effektiv ressursbruk og samtidig betre kvaliteten i oppgåveløysinga, mellom anna gjennom meir spesialisering, meir robuste og kompetente fagmiljø og auka rettstryggleik.  Finansdepartementet har no motteke Skattedirektoratets forslag til ny kontorstruktur i Skatteetaten og vil i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdere forslaget.

Dersom regjeringa tek ei avgjerd om å gjennomføre endringar i kontorstrukturen i Skatteetaten, vil Stortinget verte orientert om dette. Dersom endringa krev lovendringar eller løyvingar, vil det verte fremma forslag til Stortinget om dette på vanleg måte. Det vart gjort på akkurat same måte då Regjeringa Stoltenberg II, som Senterpartiet sjølv var ein del av, omtrent halverte talet på skattekontor (103 færre) i 2011 og 2012, jf. omtale i Prop. 1 S (2010–2011) og Prop. 1 S (2011–2012) for Finansdepartementet.

Med helsing

Siv Jensen