Svar på spørsmål nr. 13 frå stortingsrepresentant Terje Breivik

Eg viser til brev 5. oktober 2016 frå Stortingets presidentskap, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Terje Breivik.

Kan statsråden gjera greie for utviklinga i høvesvis sparebankane sine grunnfond (den sjølveigde kapitalen), eigenkapitalbevis og sparebankstiftingane sine eigelutar i bankane frå 2000 og fram til i dag? Eg ber om både absolutte tal, og den relative fordelinga mellom dei tre gruppene kapital. Eg ber òg om eit oversyn over andelen utanlandsk eigarskap i eigenkapitalbevisa.

Grunngjeving

Sparebankane er ein særs viktig del av den finansielle infrastrukturen i Noreg, og har med sin desentraliserte struktur vore viktige for finansiering av næringslivet i distrikta. Samstundes har desse bankane hatt ein særmerkt eigarstruktur: tradisjonelt har dei vore sjølveigde. Den opphavelege, innskotne grunnkapitalen har vore utgangspunktet for bankane sin aktivitet, og grunnfondet i banken har vokse i takt med avsett overskot. Frå og med slutten av 1980-åra det vore mogleg for sparebankane å utferda grunnfondsbevis, seinare kalla eigenkapitalbevis, og gjennom dette skapa seg ein privat investorbase som eig delar av banken. Ved fusjonen mellom DNB og Sparebanken NOR på byrjinga av 2000-talet, vart det gjeve løyve til å skyte den sjølveigde samfunnskapitalen frå Sparebanken Nor ut i ei sparebankstifting. Ved endringa i sparebanklova i 2009 vart det heimla ei generell moglegheit til konvertera bankens grunnfond til eigenkapitalbevis (eller aksjar), og leggja desse eigelutane over i ei sparebankstifting. I åra etter 2009 har det kome til om lag 30 sparebankstiftingar i Noreg. Det er difor no rett å seia at det finst 3 typar eigekapital i sparebankane: Tradisjonell sjølveigd kapital i bankane sine grunnfond, sjølveigd kapital konvertert  til eigenkapitalbevis overførd til ei sparebankstifting, og privateigd kapital kome til gjennom utferding av eigenkapitalbevis.

Å halda oversikt over korleis desse ulike formene for kapital utviklar seg, er ein viktig føresetnad for å vita noko om strukturutvikling og eigarskapet i sparebanksektoren.

Svar:

Eigarkapital og eigarlaus kapital utgjer hovuddelen av sparebankane sin eigenkapital. Bankane har òg ein liten del ufordelt eigenkapital, som består av fond for vurderings­forskjellar og urealiserte gevinstar.

Frå midten av 2000-talet har eigarlaus kapital  sin del av eigenkapitalen i sparebankane falt monaleg. Rekna som del av eigenkapitalen har eigarkapitalen samstundes auka frå under 20 prosent til nær 40 prosent, jf. figuren under. Figuren illustrerer utviklinga frå 2000 til 2015:

Figur 1: Utviklinga i eigarkapital, ufordelt kapital og eigarlaus kapital 2000 – 2015. Prosent av eigenkapital.

Merknad: Alle sparebankar unntatt DNB, men inkl. ABC/NOR til 2003.
Kjelde: Finanstilsynet.

Ved utgangen av 2015 var andelen utanlandsk eigarskap i eigenkapitalbevisa om lag 5 prosent. Før 2012 var det ikkje registrert utanlandsk eigarskap.

Vedlagt følgjer to tabellar som syner eigarlaus kapital, eigarkapital og ufordelt kapital i absolutte tal (tabell 1) og i prosent (tabell 2).

 Med helsing

 Siv Jensen

 

 Vedlegg 1

Tabell 1: Eigarlaus kapital, eigarkapital og ufordelt kapital i absolutte tal, 2000-2015

 

Eigarlaus kapital

Eigarkapital totalt

Eigarkapital eigd av stiftingane

Ufordelt kapital

2000

29   168 494

14   486 146

0

652 304

2001

32   395 624

15   668 264

0

390 198

2002

35   849 357

13   422 872

0

106 622

2003

38   692 171

14   007 286

0

111 181

2004

35   895 456

7   691 094

0

155 774

2005

39   811 313

8   434 463

0

166 517

2006

44   477 053

8 699 582

0

424 031

2007

49   338 844

10   539 634

0

665 703

2008

49   885 073

11   567 278

134 100

652 756

2009

54   335 591

14   674 528

401 002

989 844

2010

54   836 695

22   505 553

4   593 380

704 222

2011

55   930 204

25   561 563

4   873 525

650 709

2012

57   829 343

32 928 253

9   715 672

918 823

2013

63   689 832

36   485 162

10   072 198

1   788 118

2014

70   275 256

38   852 646

10   031 873

1   366 585

2015

70   612 314

47   341 287

14   667 805

1   980 656

Merknad: Tal i 1000NOK, for alle sparebankar unntatt DNB, men inkl. ABC/NOR til 2003.
Kjelde: Finanstilsynet.

 

Tabell 2: Eigarlaus kapital, eigarkapital og ufordelt kapital i prosent, 2000-2015

 

Eigarlaus kapital

Eigarkapital totalt

Eigarkapital eigd av stiftingane

Ufordelt kapital

2000

65,8   %

32,7   %

0 %

4,3 %

2001

66,9   %

32,3   %

0 %

2,4 %

2002

72,6   %

27,2   %

0 %

0,8 %

2003

73,3   %

26,5   %

0 %

0,8 %

2004

82,1   %

17,6   %

0 %

2,0 %

2005

82,2   %

17,4   %

0 %

1,9 %

2006

83,0   %

16,2   %

0 %

4,6 %

2007

81,5   %

17,4   %

0 %

5,9 %

2008

80,3   %

18,6   %

0,2 %

5,3 %

2009

77,6   %

21,0   %

0,6 %

6,3 %

2010

70,3   %

28,8   %

5,9 %

3,0 %

2011

68,1   %

31,1   %

5,9 %

2,5 %

2012

63,1   %

35,9   %

10,6   %

2,7 %

2013

62,5   %

35,8   %

9,9 %

4,7 %

2014

63,6   %

35,2   %

9,1 %

3,4 %

2015

58,9   %

39,5   %

12,2   %

4,0 %

Merknad: Tal for alle sparebankar unntatt DNB, men inkl. ABC/NOR til 2003.
Kjelde: Finanstilsynet.