Svar på spørsmål nr. 1436 frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Meirverdiavgift for kjøp og sal av bitcoin og annan kryptovaluta i Noreg

Eg viser til brev av 11. august 2016 frå Stortingets president vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn:

 «Når vil departementet ta stilling til framtidig meirverdiavgiftsregime for kjøp og sal av kryptovaluta i Noreg?

Grunngjeving:
Kjøp og sal av bitcoin og annan kryptovaluta er gjenstand for meirverdiavgift i Noreg. Kjøp og sal av gyldige betalingsmiddel og finansielle instrument som aksjar er derimot unnateke slik avgift. EU-domstolen slo i si avgjersle C-264/14 at omsetnad av bitcoin er unnatake frå den allmenne meirverdiavgiftsplikta. I sitt svar til underteikna 11. november 2015 (dok. 15:182 (2015-2016)) skreiv finansministeren: "Etter dommen 22. oktober 2015 har departementet i brev 13. november 2015 bedt Skattedirektoratet på nytt om å vurdere «digital valuta» og meirverdiavgift. Vi har også bedt direktoratet å vurdere om ein bør gjere endringar i meirverdiavgiftslova. Direktoratet er bedt om å svare innan 15. januar 2016. Det er på denne bakgrunn for tidleg for meg å seie noko om kva for betyding denne EU-dommen får for meirverdiavgiftsretten i Noreg».

Spørsmålet er om det framleis er for tidleg å seie noko om kva konsekvensar avgjersla frå EU-domstolen vil få for Noreg.»

Svar:
Skattedirektoratet har uttalt at dei ser på omsetning av bitcoin som ei meirverdiavgiftspliktig teneste. Finansdepartementet har uttalt til Skattedirektoratet at det er mykje som taler for at Noreg på dette feltet bør ha lik praksis som dei andre EØS-landa.

Som vist til i spørsmålet, har EU-domstolen i si avgjerd C-264/14 konkludert med at tenester som gjeld veksling av bitcoin er omfatta av eit liknande unntak for finansielle tenester i EU-retten. Etter oppdrag frå Finansdepartementet har difor Skattedirektoratet vurdert meirverdiavgiftsbehandlinga av digital valuta på nytt.

Spørsmålet ligg etter dette til vurdering i Finansdepartementet. Departementet vil gjere sitt syn kjend så snart denne vurderinga er ferdigstilt.

Utan å forskuttere departementet si vurdering, vil eg likevel gjenta synet om at det er gode argument for å hevde at avgiftsbehandlinga bør vere den same innanfor EØS-området.

Med helsing

Siv Jensen