Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1468 frå stortingsrepresentant Helge André Njåstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Om avgiftsfri kvote til fiskarer som har vore i utlandet

Eg viser til brev 2. mai 2018 vedlagd følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Helge André Njåstad:

«Vil statsråden sørge for at tolletaten praktiserer regelverket på ein slik måte at det er klart kva rettar også fiskarar har?»

Begrunnelse

Ein del fiskarar har opplevd utfordringar med tolletaten og forståelsen av å bring med seg avgiftsfri kvote etter at fiskaren har oppholdt seg på fiskebåten i utlandet.
 

Vilkår for å bringe med seg avgiftsfri kvote som reisegods er bl.a. "opphold i utlandet, Svalbard eller Jan Mayen", jf. tollforskriften § 5-1-1. Det vil seie at varene må være kjøpt på fastlandet i utlandet, Svalbard eller Jan Mayen.

Departementet har opplyst at dersom vilkåret er oppfylt vil ein fiskar kunne bringe med seg kvota på lik linje med andre reisande. Det er eigne reglar for tilsette om bord på oljeplattformer og transportmiddel i internasjonal trafikk som berre har ein mindre rett til å bringe med seg avgiftsfrie varer (40 sigarettar mv./ikkje alkoholvarer), jf. tollforskriften § 5-1-4 og § 5-1-5.

Til tross for dette har fiskarar opplevd at tolletaten har hatt ein annan forståing av regelverket og lagt til grunn til fiskarar ikkje kan ta med seg noko i det heile tatt.»

Svar
Fiskarar som har vore i utlandet kan bringe med seg avgiftsfri kvote på same vilkår som andre reisande, jf. tollforskriften § 5-1-1. Dei særlege reglane som gjeld for tilsette om bord på oljeplattformer og transportmiddel i internasjonal trafikk gjeld ikkje for fiskarar.

Tolldirektoratet opplyser at dei er ukjent med praksis om at fiskarer ikkje får bringe med seg kvota. Finansdepartementet vil likevel be Tolldirektoratet å informere om regelverket for å sikre at det ikkje er nokon misforståing om dette. 

 Med helsing

 Siv Jensen