Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1519 frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Sikkerhetslova og oppkjøp av Oslo Børs

Eg viser til brev 29. april 2019 frå Stortingets presidentskap vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik.

Spørsmål
«Statsråden svarte 11. februar på spørsmålet mitt av 21. januar 2019 om i kva grad sikkerhetsloven kjem til bruk i spørsmålet om oppkjøp av Oslo børs. Svaret den gongen var at ein skulle gjere ei vurdering av dette. Det har no gått over tre månader sidan spørsmålet vart stilt. Vil eit oppkjøp krevje Forsvarsdepartementet si godkjenning etter sikkerhetsloven kapittel 10 eller ev. andre godkjenningar frå styresmaktene si side forutan godkjenning etter verdipapirhandelloven § 13-3?»

Grunngiving
«Finanstilsynet har kome med tilrådinga si om oppkjøpskandidatane til Oslo børs. Tilrådinga er positiv. Men fleire sider ved tilrådinga synest vere mangelfull, og det kan reisast spørsmål ved fleire av føresetnadene Finanstilsynet legg til grunn for tilrådinga si. Slike tilhøve gjev Finansdepartementet eit godt grunnlag til å sjå vekk frå konklusjonen i tilrådinga frå Finanstilsynet. I tillegg skal departementet vurdere eit eventuelt oppkjøp på eit betydeleg breiare grunnlag enn tilsynet. Eitt spørsmål som her kjem inn, er tilhøvet til sikkerhetsloven. I det tidlegare svaret til meg synest det som om statsråden meiner at det er Finansdepartementet som er ansvarleg for å gjere ei vurdering av om loven er relevant. Spørsmålet er om ei slik vurdering ikkje snarare bør gjerast av departementet som er ansvarleg for sikkerhetsloven, nemleg Forsvarsdepartementet. I alle tilfelle bør ei slik vurdering vere gjort no, og eg etterspør konklusjonen av denne vurderinga. I fall vurderinga er gjort av Finansdepartementet ber eg om at ein godtgjer at departementet har heimel til å gjere dette og om at Forsvarsdepartementet får uttale seg om saka. I tilfelle det siste tillet eg at svarfristen på spørsmålet mitt vert utvida med fem vyrkedagar.»

Svar
Den nye sikkerhetslova trådde i kraft 1. januar i år. Lova gjelder alle offentlege organ og leverandørar av varer eller tenester i samband med sikkerhetsgraderte innkjøp, jf. lova § 1-2. Lova inneber også at kvart departement innanfor sitt ansvarsområde skal treffe vedtak om kva for andre verksemder lova skal gjelde for, sjå § 1-3. Den som vil kjøpe ein kvalifisert eigardel i ei verksemd som er underlagt lova, skal etter lova § 10-1 sende melding til det ansvarlege departementet om dette. For eventuelle saker som gjelder finanssektoren, vil Finansdepartementet vere det ansvarlege departementet. Departementet som mottar meldinga, skal ta stilling til om kjøpet skal godkjennast, eller om Kongen i statsråd bør treffe vedtak om at kjøpet ikkje kan gjennomførast eller at det skal setjast vilkår for kjøpet. Eit slikt vedtak kan berre treffast om kjøpet kan medføre ein ikkje ubetydeleg risiko for at nasjonale sikkerhetsinteresser vert trua.

For ikkje-offentlege verksemder som var underlagt den tidlegare sikkerhetslova frå 1998, kan arbeidet med å avklare forholdet til den nye lova skje raskt. For verksemder som ikkje har vore underlagt den tidlegare lova, men som på grunn av sine funksjonar kan vurderast i samband med den nye sikkerhetslova, er det nødvendig med ei nærmare utgreiing før ein kan treffe noko vedtak. Finansdepartementet arbeidar no med å avklare virkeområdet for sikkerhetslova i finanssektoren, og legg i dette til grunn mellom anna veiledarar frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Dette er eit omfattande arbeid. Oslo Børs VPS var ikkje underlagt den tidlegare lova, og departementet har ikkje enno tatt stilling til om det er verksemder i finanssektoren som bør underleggast den nye sikkerhetslova.

Oppkjøpet av Oslo Børs VPS vil verte handsama etter reglane i verdipapirhandellova og verdipapirregisterlova. Som Finanstilsynet har peikt på, vil eigarprøvingsregimet etter sikkerhetslova ikkje medføre vesentleg andre krav enn det som følgjer av desse lovene. Eit oppkjøp som etter departementet si vurdering ville innebere ein ikkje ubetydeleg risiko for at nasjonale sikkerhetsinteresser vert trua, vil verte stoppa etter den eigarprøvinga som no skjer.

Med helsing

Siv Jensen