Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 752 frå stortingsrepresentant Hadia Tajik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Skatteetaten sitt kontrollarbeid

Eg viser til brev av 14. januar 2020 frå Stortingets president, vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik til skriftleg svar:

«Kor stor del av, eller kor mange, norske selskap og andre næringsdrivande skatteytarar er kontrollert av Skatteetaten per år dei siste ti åra?

Begrunnelse:
Skatteetaten sitt kontrollarbeid er avgjerande for å sikre eit rettferdig skattesystem og for å finansiere velferda. Til dømes fann Riksrevisjonen at Skatteetaten sin kontroll av transaksjonar i interessefellesskap over landegrensene (internprising) fører i snitt til korrigeringar som inneber 10 mrd. kr i auka skatteinntekter årleg. Ifølgje Tax Justice Network – Norge, har det vore ein kraftig nedgang i Skatteetaten sitt kontrollomfang og –frekvens av selskap og næringsdrivande skatteytarar. Tax Justice Network opplyser om ein nedgang frå rundt 15 prosent av næringsdrivande skatteytarar til under 3 prosent dei siste 10 åra. Dette er ikkje stadfesta i statistikk, og er ikkje gjort synleg for Stortinget, som kun vert informert om at kontrollnivået av totalen av alle skatteytarar er på over 80 %. Det gjeld primært kontroll av lønnsmottakar og pensjonistar som i realiteten har liten eller ingen moglegheit til å unndra skatt eller skjule formue. For desse skatteytarane går innapporteringa av lønns, pensjon og formue til skattestyresmaktene automatisk av tredjepartar som arbeidsgjevar, bankar, finansinstitusjonar osv. Nedgangen i kontroll av selskap «forsvinn» difor i denne statistikken.»

Svar:
Skatteetatens samfunnsoppdrag er å finansiere offentleg verksemd. Dette vert i hovudsak oppnådd gjennom høg grad av etterleving av skatte- og avgiftsregelverket. Eit av Skatteetatens hovudmål er difor at skatte- og opplysningspliktige etterlever reglane. Kontroll er her berre eitt av mange verkemiddel for høg etterleving. Skatteetaten har det siste tiåret endra oppgåveløysinga i retning av ein metodikk for etterleving som vektlegg heilskap og samanhengane i etaten sin verkemiddelbruk. Denne utviklinga er i tråd med klåre tilrådingar frå OECD.

Det er viktig at val av verkemiddel skjer på grunnlag av kunnskap om risiko og kva som gjev etterleving i ulike målgrupper. Utviklinga i kontrollomfang må difor sjåast i samanheng med at Skatteetaten no har betre kunnskap om korleis forskjellige verkemiddel påverkar åtferda til skattepliktig enn tidlegare. Skatteetatens analysar viser at førebyggjande arbeid, som dialog og rettleiing, har god effekt i mange tilfelle. Styrka rettleiing på innleveringstidspunktet for skattemeldinga og brukarvennlege IT-løysingar reduserer Skatteetatens behov for å gjennomføre kontrollar. Etaten har utvikla strategiar for auka etterleving inn mot ulike grupper av skattepliktige med ulik risiko. Desse strategiane er baserte på kunnskap og analysar av korleis forskjellige verkemiddel påverkar åtferda til skattepliktig og kva slags verkemiddel som gjev ønska effekt. Også Skatteetatens arbeid mot skatte- og avgiftskriminalitet omfattar eit breitt spekter av andre verkemiddel utover den ordinære kontrollverksemda til etaten. Eit anna moment er at Skatteetatens kontrollar i aukande grad er baserte på vurderingar av risiko, dvs. at kontrollane i større grad vert retta inn mot område og verksemder der risikoen for manglande etterleving er størst. Heilskapleg verkemiddelbruk og treffsikre kontrollutplukk er i all hovudsak viktigare enn mengden kontrollar.

Ein konsekvens av utviklingstrekka som er nemnde ovanfor, er at delen kontrollerte selskap og næringsdrivande har gått ned i perioden 2010–2018. Finansdepartementet følgjer utviklinga i delen kontrollerte selskap og næringsdrivande gjennom rapporteringskrav i dei årlege tildelingsbreva til Skatteetaten. Tabellen under viser delen kontrollerte selskap og næringsdrivande i perioden 2010–2018 slik det er rapportert frå Skatteetaten i årsrapportane for 2010–2018. Førebels ligg det ikkje føre rapportering for 2019.

Del av kontrollerte selskap og næringsdrivande 2010–2018 (pst.)

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

12,9

9,8

11,4

7,3

6,9

6,3

6,3

5,6

5,7

Tala inkluderer rekneskapskontroll, formalkontroll, oppgåvekontroll meirverdiavgift, utvida likningskontroll for næringsdrivande og arbeidsgjevarkontroll. Arbeidsgjevarkontrollane er utførde av dei kommunale skatteoppkrevjarane.

Eg vil understreke at kontroll framleis er eit viktig verkemiddel for Skatteetaten, men nemnde omfang må sjåast i samanheng med etaten sin bruk av andre verkemiddel og at kontrollutplukka i aukande grad er baserte på risikovurderingar. Informasjon frå Skatteetaten indikerer at provenyinntektene som følgje av kontrollar, ikkje har gått ned i perioden 2010–2018, sjølv om delen selskap og næringsdrivande som er kontrollert, har gått ned i same periode. Desse samanhengane er likevel krevjande å vurdere då enkeltsaker med store avdekte summar kan gi store variasjonar frå år til år. Det er uansett ikkje gitt at ei høgare kontrolldekning gjev eit større proveny samla sett. Ein god og uttømmande verkemiddelbruk frå Skatteetaten kan auke etterlevinga og det samla provenyet, sjølv om dette samtidig kan føre til at provenyeffektane av etaten sine kontrollaktivitetar isolerte sett er redusert.

Eg vil også nemne at departementet ikkje styrer Skatteetaten på korkje del av kontrollar, provenyinngang eller storleiken på inntektsendringar som følgje av kontrollane til etaten. Grunngjevinga for dette er at målet for Skatteetaten er etterleving av skattereglane, og ikkje størst mogeleg proveny. Skatteetaten må prioritere innsatsen mellom mange viktige område og ut frå ei heilskapleg vurdering av kva som er best ressursbruk og verkemiddelbruk. Ein vesentleg del av Skatteetatens arbeid handlar om å gjere det enkelt for dei skattepliktige å etterleve skattereglane, gjennom mellom anna brukarvenlege tenester, tidleg rettleiing og dialog.

Representanten viser i si grunngjeving til Riksrevisjonens undersøking av Skatteetatens kontroll av transaksjonar i interessefellesskap over landegrensar (internprising), jf. Dokument 3:12 (2017–2018), og at internprisingskontrollar i snitt medfører korrigeringar som inneber 10 mrd. kroner i auka skatteinntekter årleg. Internprising er eit viktig kontrollområde for Skatteetaten, og det er riktig at dette kontrollarbeidet fører til omfattande inntektskorreksjonar og proveny. Eg vil likevel presisere at beløpa det vert refererte til frå Rikrevisjonens rapport, gjeld inntektskorrigeringar og ikkje skatteinntekter. Auka inntekt er ikkje det same som høgare proveny då inntekta vanlegvis vil vere høgare enn fastsett skatt. I tillegg kan Skatteetatens inntektsfastsetjing verte redusert som følgje av klage- eller domstolsbehandling. Mange selskap har dessutan skattemessige underskot til framføring. For desse selskapa vil endringar i inntekt som følgje av Skatteetatens kontroll, gje auka skatteinntekt fyrst når selskapet kjem i skatteposisjon. Internprising er eit område der det er spesielt nyttig å nytte andre verkemiddel i tillegg til kontroll for å få god etterleving, felles forståing av regelverket og tidleg avklaring av problemstillingar som ofte er gjentakande.

Med helsing

Jan Tore Sanner