Svar på spørsmål om konkurransetilhøva for uavhengige meieriselskap og kapitalgodtgjersle i prisutjamningsordninga for mjølk

Landbruks- og matministeren har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Knut Storberget (A) om konkurransetilhøva for uavhengige meieriselskap og kapitalgodtgjersle i prisutjamningsordninga for mjølk.

Eg viser til spørsmål nr. 831 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap.  Spørsmålet er reist i brev av 1. april 2016 frå stortingsrepresentant Knut Storberget. Spørsmålet er som følgjer: 

Hvordan vurderer statsråden konkurransesituasjonen for uavhengige meieriselskaper med egne melkeprodusenter etter bonusutbetaling fra TINE, og vil det bli satt inn tiltak for å sikre konkurranse, og vil statsråden gjennomgå ordningen med spesiell kapitalgodtgjørelse under PU-ordningen slik at den fungere etter hensikten? 

Regjeringa er oppteken av at konkurransetilhøva i meierisektoren skal fungere godt.

Eg vil oppretthalde konkurransen i mjølkemarknaden til det beste for forbrukarane. 

Meierisektoren er prega av at det er lite konkurranse om mjølkeprodusentane med berre to aktørar (Tine og Q-Meieriene). Det er noko større konkurranse i foredlinga av mjølkeprodukt basert på at fleire aktørar har råvaretilgang gjennom forsyningsplikta som Tine har. 

Det er grunnleggande positivt at auka overskot i Tine gir grunnlag for at mange produsentar får auka betaling for si råvare. Gode marginar i Tine gir også rom for at konkurrentane kan tene pengar. Dei uavhengige aktørane har betra sine resultat dei siste åra. 

Ordninga med spesiell kapitalgodtgjersle har ei lang historie og har bidrege til auka konkurranse i sektoren. Ordninga vart innført frå 1. januar 2004 med bakgrunn i at uavhengige meieriselskap med eigne leverandørar av mjølk (i dag Q-meieriene),for det første vil ha krav om kapitalavkastning frå eigar av selskapet. Samstundes og for det andre vil mjølkeprodusentane forvente å få minst same mjølkepris ved overgang frå Tine til eit anna meieri, men sidan dei ikkje får med seg kapital frå Tine, blir dette ei ekstra belastning på uavhengige selskap. 

I berekningsmodellen for ordninga inngår mellom anna ei eiga berekning for påreknelig avkastningskrav (rente) på eigenkapital, ei berekning av eigenkapital i Tine inkludert berekna meirverdi av Tines eigenkapital utover det som står i Tines årsrekneskap, samt talet på liter eigenmjølk i Tine. 

Eg har hatt på høyring framlegg om endringar i prisutjamningsordninga for mjølk, og eg har i den samanheng oppmoda dei uavhengige aktørane om å gje sine innspel i høyringsrunden. Eg skal gjere ei grundig vurdering av desse innspela. 

Eg tek sikte på at Stortinget får mine vurderingar i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. 

Konkurransetilhøva i mjølkesektoren vil også verte drøfta i meldinga til Stortinget om jordbrukssektoren som eg vil legge fram i løpet av denne stortingsperioden. 

Med helsing 

Jon Georg Dale