Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Norfunds tvist med Honduras

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på spørsmål fra Ingrid Fiskaas om at Norfund har stevnet Honduras i den internasjonale stat-investor tvisteløysingsmekanismen ICSID.

Skriftlig spørsmål nr. 2151 (2022-2023)
Datert 05.05.2023

Fra representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren:

Det statlege utviklingsfondet Norfund har stemna Honduras i den internasjonale stat-investor tvisteløysingsmekanismen ICSID. Regjeringa har sagt opp avtaler med europeiske land med stat-investor tvisteløysingsmekanisme og statsrådens eigne partikollegaer har ved ulike høve uttala seg særdeles kritisk til private selskaps høve til å stemne statar med grunnlag i politisk regulering. Var utviklingsministeren orientert før søksmålet vart reist og kva meiner ministeren om at den statlege utviklingsaktøren nyttar seg av ICSID?

Utviklingsministerens svar:

Norfund - statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland - er eit 100 prosent statseigd selskap, der UD og eg som statsråd er ansvarleg for eigarstyringa. Det er Norfunds eige ansvar å gjere dei forretningsmessige vurderingane som er knytt til oppfølginga av enkeltinvesteringane deira. Dette er i tråd med staten sin eigarpolitikk for selskap.

Norfund har informert meg om at dei har fått registrert ein tvist selskapet har med Honduras ved International Centre for Settlement of Investment Disputes (ICSID). Norfund orienterte meg om saka i etterkant av at førespurnad om registrering vart sendt ICSID. Representanten sitt spørsmål antyder at saka gjeld politisk regulering. Norfund opplyser at saka dreier seg om kontraktsbrot knytt til betaling for fornybar energi frå solkraftverk som Norfund er investert i, og at ein i fleire år har forhandla med styresmaktene om manglande betaling.

ICSID er ein internasjonal skilsdomsinstitusjon under Verdsbanken, og Noreg slutta seg til ICSID-konvensjonen i 1967. Norfund opplyser at honduranske styresmakter, gjennom landet si lovgiving, sjølve har gjort ICSID til den einaste internasjonale tvisteløysingsmekanismen som var tilgjengelig for prosjekta Norfund har investert i. Slike tvisteløysingsmekanismar kan vere utfordrande av ulike årsaker, både konstitusjonelt og politisk.

Det er alltid beklageleg når ei usemje kjem til det punktet at saka må løftast til ein domstol eller eit tribunal. Norfund opplyser at dei samstundes held fram dialogen med styresmaktene i Honduras for å komme til ei semje. Vidare har dei bede ICSID om å mellombels utsette vidare handsaming av saka, for å få meir tid til å forhandle med styresmaktene. Eg vonar at saka kan få ei minneleg løysing.

Norfund presiserer at tvistemålet ikkje dreier seg om betaling for straum som ikkje har blitt levert.

Representanten nemner at fleire energiselskap har inngått nye avtalar med Honduras. Norfund har informert meg om at dei er blant desse selskapa. Prosjekta ventar framleis på betaling i samsvar med desse avtalane.

Eg vil legge til at Norfunds investeringar skal stimulere til sysselsetjing og berekraftig vekst i utviklingsland. Utbygging av solpanel i land som Honduras bidrar til at fleire får tilgang til elektrisitet, og at den økonomiske veksten i større grad blir basert på fornybar energi. Solkraftverka Norfund er investert i står for om lag 15% av all solenergi levert inn på det nasjonale nettet i Honduras.