Svar på spørsmål om omdisponering av jordbruksareal til juletreproduksjon

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Morten Ørsal Johansen (FrP) om omdisponering av jordbruksareal til juletreproduksjon.

Eg viser til spørsmål oversendt meg 25. april 2016. Spørsmålet lyder:

"Er det noe i dagens regelverk som hindrer kommuner i å tillate omdisponering av jordbruksareal til juletreproduksjon."

Det er fastsett i jordlova § 9 at dyrka jord ikkje kan brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon, men at det i særlege høve kan verte gjeve dispensasjon dersom det etter ei samla vurdering av tilhøva er grunnlag for at jordbruksinteressene bør vike.

Det er altså fullt mogleg for kommunar å gje løyve til omdisponering av jordbruksareal til juletreproduksjon om det er særlege grunner som taler for det. Det er imidlertid kommunane sjølve som må gjere denne vurderinga.

I samband med vurderinga av om det skal verte gjeve samtykke, skal det mellom anna takast omsyn til om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon. I rundskriv M-1/2013 er det lagt til grunn at mellom anna planting for juletreproduksjon er ein bruk som inneber at areala kan verte ført attende til jordbruksproduksjon. Det er kommunane som avgjer ein søknad om omdisponering, og kommunen tek i samband med denne avgjerda også stilling til om det skal fastsetjast tidsfrist for omdisponeringa.

I Meld. St. 31 (2014-2015), som spørsmålsstiller viser til, er det gitt signal om at regjeringa ønskjer å leggje til rette for justeringar i praksis når kommunen fastset ein tidsfrist for omdisponeringa. Justeringa av signala om praksis må skje ved å endre rundskriv M-1/2013, og må byggje på føresetnadene i stortingsmeldinga om at det må vere aktiv juletreproduksjon på arealet.  Departementet vil i nær framtid innarbeide den aktuelle vurderinga i rundskrivet.

 

Med helsing         

Jon Georg Dale