Svar på spørsmål om tal for gjengroing av matjord og kva ein vil gjere for å handheve driveplikta

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) - Om tal for gjengroing av matjord og kva ein vil gjere for å handheve driveplikta.

Eg viser til spørsmål nr. 1037 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 03.05.2016 frå stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal. Spørsmålet er som følgjer: 

"Avisen Nationen har de siste dagene satt fokus på den økende gjengroingen av matjord i Norge. I fjor var det registrert 80 000 dekar som var registrert som "ute av drift". Dette er en økning på 20 pst på 5 år. Driveplikten som er hjemlet i jordloven stiller krav at matjord skal drives og den økende brakkleggingen av matjord er et problem for et land som i utgangspunktet har lite dyrkbart areal. Hva er statsrådens vurdering av disse tallene og hva vil statsråden gjøre for å sikre at driveplikten håndheves?" 

Vurdering av tal for gjengroing

I avisa Nationen har det komme fram opplysninger om at i alt 11.404 dekar vart førte som "brakka" i søknader om produksjonstilskot i fjor. I tillegg vart 82.223 dekar førte opp som "ute av drift"

Det er grunn til å peike på at brakklagt areal, og areal ute av drift, er ulike ting i denne samanhengen. Historisk er brakklegging ein driftsform som mellom anna blei nytta for å kjempe mot kveke i open åker. I dag kan brakklegging skje i samband med drenering i sommarmånadene eller med utbyggingsprosjekt av vegar og liknande. 

I søknad om produksjonstilskot fører søkjarane opp arealfordelinga for dei areala føretaket disponerer. Eit av grunnvilkåra for tildeling av areal- og kulturlandskapstilskot er at ein skal drive vanleg jordbruksproduksjon på areala. Det vil seie at ein må hauste eit minimum av avling av den veksten som blir produsert på arealet. For søkjarar som fører opp areal som ikkje har krav på arealtilskot, kan ein avkorte tilskotet. Det har vore meir merksemd rundt kontroll og sanksjoner dei siste åra, noko som kan vere ei årsak til at arealet ute av drift har auka. 

Omlag halvparten av arealet som er ført opp som ute av drift er såkalla innmarksbeiter (grasareal som ein ikkje kan hauste med maskinar). Grunnlaget for å gi tilskot til desse areala er at dei blir beita nok til at arealtilstanden ikkje er forandra. For produsentar som sluttar med dyr, men fortset med produksjon på det fulldyrka arealet, vil det ofte vere et problem å vidareføre beiting av innmarksbeitene. 

For produsentar som har mykje innmarksbeite kan det og vere eit spørsmål om beiting i utmark eller på innmarksbeiter. Det er i dag eit klårt overskot av grovfôrareal i fleire deler av landet. Mange produsentar får kutta areal- og kulturlandskapstilskotet fordi dei har for få dyr eller ikkje kan dokumentere nok sal av grovfôr. Det er sannsynleg at nokon vel å la vere å søkje om tilskot til areal som uansett blir avkorta.   

Dette vart mellom anna kommentert i Meld. St. 9 (2011–2012) om landbruks- og matpolitikken. Der vart det foreslegen tiltak for å førebyggje ei utvikling der areal går ut av drift fordi dei er ulønnsame eller fordi det ikkje er nok dyr som treng fôret som produserast der. Stortinget ville derimot ikkje støtte forslaget, og næringskomitéen sa følgjande: 

"Komiteen er opptatt av at lønnsom grasbasert matproduksjon og beiting fortsatt skal være hovedvirkemidlet for å bruke grasarealene og hindre gjengroing. Komiteen viser til at regjeringen i meldingen varsler at produksjonskravet i kulturlandskapstilskuddet skal avvikles, for å kunne sikre at utsatte arealer holdes i hevd. Komiteen merker seg intensjonen med forslaget om å hindre marginale jordbruksarealer fra gjengroing, men med et mål om økt matproduksjon mener komiteen det ikke bør stimuleres tilskuddsmessig til bruk av landskapspleie uten at ressursene benyttes til matproduksjon for en stadig voksende befolkning. Komiteen mener derfor at det fortsatt skal ligge et produksjonskrav knyttet til kulturlandskapstilskuddet, noe som også forhindrer økte jordleiekostnader og styrker den aktive bonden." 

Denne regjeringa har lykkes godt med å følgje opp stortingsmeldingas mål om å auke norsk matproduksjon tilpassa etterspørselen hos ei aukande folkemengd. Særleg kan ein peike på at saueproduksjonen har auka vesentleg. Sidan dette er grovfôretande og beitande dyr, vil dei òg bidra til å auke etterspørselen etter grovfôrareal. 

Det er nå i praksis berre for storfekjøtt at vi har ei viss underdekking av norsk produksjon. Der vil eg vise til statens tilbod i årets jordbruksoppgjer der vi foreslår store grep for å stimulere denne produksjonen i Norge. 

Når det elles gjeld reglane for produksjonstilskot, heiter det i forskriftene: 

"§ 11.Avkorting ved regelverksbrudd

Dersom foretaket uaktsomt eller forsettlig driver eller har drevet sin virksomhet i strid med annet regelverk for jordbruksvirksomhet, kan hele eller deler av det samlede tilskuddet som tilfaller foretaket avkortes." 

Det vil seie at det er heimel for at kommunen kan trekkje i produksjonstilskotet dersom det er gjort vedtak om brot på driveplikta i jordlova.  

Handheving av driveplikta

Reglane i jordlova om driveplikt gjeld for alt jordbruksareal, og difor òg for areal som er ført opp som "ute av drift", viss ikkje eigaren har fått fritak frå driveplikta. Dette har til følgje at ein skal halde oppe produksjonseigenskapane på jorda slik at ein kan nytte arealet til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling. Areal som ein legg brakk for å halde oppe produksjonseigenskapane, er ikkje i strid med driveplikta. Dette kan til dømes vere tiltak mot ugras. 

Det er kommunen og fylkesmannen som fører tilsyn med at reglane om driveplikt blir følgde. Jordlova har reglar som gir høve til at kommunen kan følgje opp og eventuelt sanksjonere brot på driveplikta. For areal der eigar ikkje opprettheld driveplikta, kan kommunen gi eigar pålegg mellom anna om å leige bort jorda. Dersom eigaren ikkje overheld pålegget, og brotet på driveplikta er vesentleg, kan kommunen påleggje eigaren tvangsgebyr. Eg legg til grunn at kommunane og fylkesmannen sørgjer for at driveplikta følgjast opp, i tråd med det ansvaret dei har. 

På oppdrag frå departementet sette Landbruksdirektoratet ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere problemstillingar knytt til leigejord og driveplikt. Arbeidsgruppa sin rapport som kom i fjor, skildrar mellom anna praktiseringa og effekten av driveplikta, og tilrår ulike tiltak for å følgje opp. Dei tiltaka som er tilrådd i rapporten, blir for tida vurdert i departementet.

 

Med helsing   

Jon Georg Dale