Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om tiltak mot CWD sjukdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås (A) om kva tiltak landbruks- og matministeren ser er nødvendig i forhold til CWD sjukdom.

Eg viser til spørsmål nr. 1315 for skriftleg svar. Spørsmålet er reist i brev av 17. juni 2016 frå stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås. Spørsmålet er som følgjer: 

"Hvilke tiltak ser landbruksministeren at er nødvendig å gjøre i forhold til CWD sykdom og vil Landbruksministeren ta nødvendige initiativ med blant annet reindriftsnæringen for å begrense utbredelsen av denne sykdommen." 

Sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD) er nyleg oppdaga i Noreg. Dette er ein alvorleg dyresjukdom. Førebels er sjukdomen påvist hjå eit reinsdyr (villrein) og to elg. CWD er i fleire tiår påvist hjå hjortedyr i USA og Canada. Funna i Noreg er dei fyrste i Europa og får difor stor merksemd. Smitte til menneskje er ikkje rapportert i samband med CWD hjå hjortedyr. 

Sjukdomen er smittsam og kan overførast både mellom viltlevande hjortedyr og mellom tamme og viltlevande hjortedyr. I dette ligg det ei særskild utfordring. Det er difor naudsynt at vi gjer tiltak som kan vere med på å hindre vidare utbreiing av sjukdomen. 

Me treng eit godt vitskapleg grunnlag. Difor vart Vitskapskomiteen for mattryggleik alt i april gitt i oppgåve å vurdere viktige spørsmål. Svaret på første fase i denne vurderinga vil ligge føre i veke 26. 

Mattilsynet har på vegne av departementet nyleg sendt på høyring utkast til forskrift med fleire tiltak for å medverke til å avgrense spreiing av sjukdomen. Tiltaka gjeld alle hjortedyr. 

I forskrifta blir det foreslått å forby utførsel av levande hjortedyr frå Noreg samt å forby flytting av hjortedyr mellom fylke. Det er einskilde unntak knytt til bruk av beite og for dyr som skal sendast til slakt. Dette er tiltak som i fyrste rekkje vedkjem reindriftsnæringa. I tillegg foreslår vi forbod mot å importere luktestoff frå hjortedyr frå land der CWD er påvist og forbod mot å leggje ut fôr og sette ut slikkesteinar til viltlevande dyr. Det blir òg foreslått ei utvida varslingsplikt for transportørar og personar som har ansvar for hjortedyr. 

Eg tek sikte på å fastsetje dei nye reglane før sommaren. Reindriftsnæringa vil bli særleg ramma av forslaga, og Sametinget og reindriftsnæringa er difor særskilt involvert i denne prosessen. 

Både ville og tamme hjortedyr kryssar landegrensene til Sverige og Finland. Mattilsynet har tett kontakt med EU-kommisjonen og våre nordiske naboland i denne saka. 

Det er òg viktig å få på plass god og kostnadseffektiv kartlegging. Dette vil gje oss grunnlag for å setja i verk meir målretta tiltak. Det er etablert eit tett samarbeid mellom styresmaktene på miljø- og dyrehelseområdet. Både Miljødirektoratet og regional og lokal jaktforvaltning samarbeider godt med Mattilsynet og Veterinærinstituttet. I samband med haustjakta planlegg desse instansane ei omfattande kartlegging.

 

Med helsing  

Jon Georg Dale