Historisk arkiv

Svar på spørsmål til skriftlig besvarelse nr. 2140 fra stortingsrepresentant Geir Pollestad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

om kontakten regjeringen har hatt med ESA i forbindelse med sukkeravgifta

Eg visar til brev 29. august 2018 frå presidentskapet til Stortinget vedlagd følgjande spørsmål:

«Eg vil be finansministeren gje skriftleg svar på følgjande spørsmål:

Kva dialog har det vore med ESA om «sukkeravgifta» siden den vart vedteken og kva signal har regjeringa fått om saka frå ESA?

Grunngjeving:

NHO og Hval sjokoladefabrikk har begge klaga til ESA på «sukkeravgifta». NHO har klaga på auken på 83 % og Hval sjokoladefabrikk har klaga på heile avgifta.

Næringskomiteen besøkte ESA under sitt besøk i Brussel i april. Her orienterte ESA om sitt arbeid med saka og konsekvenser om dei kom til at avgifta slik den er innretta var ulovleg statsstøtte.

Det er ynskjeleg å få oversikt over den kontakten som har vore i mellom regjeringa og ESA om saka i form av møter, brev og anna kontakt og innhaldet i denne kommunikasjonen. Det er ynskjeleg å få oversyn over møtereferat, brev og anna relevant informasjon i saka.»

Svar:

Det har på vanleg måte i slike saker vore fortlaupande kontakt med ESA om sjokolade- og sukkervareavgifta sidan ESA tok imot klage på avgifta frå NHO Mat og drikke 13. desember 2017 og frå Hval sjokoladefabrikk 17. januar 2018. Eg er opptatt av å ha eit stabilt avgiftsregelverk og arbeider med at saka skal bli godt opplyst. Saka gjeld som kjend vedtaka til Stortinget om særavgiftene både på sjokolade og sukkervarer og på alkoholfrie drikkevarer. Det er generelt sett viktig at vi på best mogeleg måte forsvarar det norske skatte- og avgiftssystemet. Eg følger difor utviklinga i saka tett.

Finansdepartementet fekk sendt over klagen til NHO Mat og drikke i desember 2017, og ESA fekk sendt over informasjon i saka i desember 2017. Finansdepartementet gav ytterlegare merknadar til klagen i januar 2018. Samstundes sende ESA over ein ny klage, som dei hadde teke imot frå Hval sjokoladefabrikk som gjaldt dei same problemstillingane. I februar 2018 sende ESA over vedlegga til klagen som ved ein feil ikkje hadde blitt sende over tidlegare. Merknadane frå Finansdepartementet til den nye klagen blei sende ESA i februar i år.

Ut over den skriftlege korrespondansen i saka har vi hatt fortlaupande dialog med ESA. Nærings- og fiskeridepartementet og Regjeringsadvokaten samarbeider med oss i saka for å avklare i størst mogeleg grad problemstillingane som klagarane har teke opp. Eg går ikkje nærmare inn i detaljane i denne dialogen, mellom anna av omsyn til ein god dialog med ESA.

Vedlagt følgjer dei nemnde breva mellom ESA og norske styresmakter om saka.

Med helsing

Siv Jensen