Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om korleis utviklinga i bruk av beiteressursane og kraftfôr vore dei siste åra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om korleis utviklinga i bruk av beiteressursane og kraftfôr til denne produksjonen har vore dei siste åra sett i samanheng med produksjonen.

Eg viser til brev av 24. juni 2016 der representanten Geir Pollestad stiller følgjande spørsmål for skriftleg svar: 

"Produksjonen av kjøt frå sau er aukande. Korleis har utviklinga i bruk av beiteressursane og kraftfôr til denne produksjonen vore dei siste åra sett i samanheng med produksjonen?" 

Regjeringa har ved jordbruksoppgjera gjennomførd fleire viktige tiltak for norsk sauehald. Dette har gjeve ei positiv utvikling innan norsk sauehald i dei seinare åra, og vi har oppnådd marknadsdekning med norsk vare. Produksjonen av kjøt av sau/lam var i åra 2013, 2014 og 2015 på høvesvis 23,6, 24,2 og 25,6 mill. kg. 

Materiale frå Landbruksdirektoratet og søknad om det generelle beitetilskotet syner at 99 prosent av norske sau/lam går på beite, og at talet for sau/lam på beite har auka frå 2013 til 2015. Tal frå søknad om tilskot for dyr på utmarksbeite syner at ein svært stor del av norsk sau/lam også går på utmarkbeite. Ser ein på del sau/lam på utmarksbeite etter talet på sau/lam i besetninga finn ein at bruken av utmarksbeite er aukande med aukande storleik på beset­ninga. For søknadsomgangen 2014 søkte 73 prosent ev besetningane med 21-40 dyr på til­skot til utmarksbeite, medan tilsvarande tal for besetningar med over 301 dyr var 88 prosent. Meir informasjon om beitebruken går fram av tabellen nedanfor. 

Tabell: Utviklinga i tal sau og lam på beite

År

Sau og lam- ­tal for dyr på beite 12 (16) veker 1)

Sau/lam på beite i prosent
av totalt dyretal

Sau og lam –
tal for dyr på utmarksbeite

Sau/lam på utmarksbeite i prosent av totalt dyretal

20062)

2 279 598

97,5 %

 

 

2008

2 202 599

98,5 %

1 900 171

86,0 %

2013

2 226 261

98,8 %

1 908 294

85,7 %

2014

2 260 134

99,2 %

1 945 389

86,5 %

2015

2 343 729

99,1 %

2 005 071

85,9 %

1) Tal for sau/lam på beite etter søknad om det generelle beitetilskotet med krav til beitetid i 12 (16) veker
2) Fyrste år med det generelle tilskotet for beiting i 12 (16) veker.

Innanfor den korte tidsfristen for svar, har ikkje alle dei største produsentane av kraftfôr hatt moglegheit til å gje informasjon om utviklinga i sitt sal av kraftfôr til sau/lam. Den informasjonen departementet har motteke dekkjer like fullt storparten av marknaden for 2013-2015. Det er òg bønder som nyttar kraftfôr laga for storfe til fôringa av sau, men informasjon om omfanget av dette er ikkje tilgjengeleg.

Utviklinga i produksjonen av kjøt av sau/lam og i sal av kraftfôr til sau/lam, syner at forbruket av kraftfôr ikkje har auka ut over det som følgjer av veksten i produksjon av kjøt av sau/lam dei siste åra.
 

Med helsing  

Jon Georg Dale