Svar på skriftleg spørsmål om tollfrie kvoter på basislandbruksprodukter

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om tollfrie kvoter på visse mengder basislandbruksprodukter.

Eg viser til spørsmål nr. 1432 frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet reist i brev av 9. august 2016 frå stortingsrepresentant Trygve Slagsvold Vedum er som følgjer: 

"I henhold til artikkel 19 skal Norge og Den europeiske union (EU) gjensidig gi hverandre tollfrie kvoter på visse mengder basislandbruksprodukter. Når EU forminskes som følge av brexit, vil det være naturlig å redusere kvotene forholdsmessig for eksempel etter brutto nasjonalprodukt (BNP). Storbritannia stod for ca. 17 % av EUs BNP i 2015. Vil landbruksministeren ta initiativ til å endre norske forhandlingsposisjoner da et av EUs største medlemsland nå har varslet at de vil melde seg ut av EU?" 

I medhald av artikkel 19 i EØS-avtala skal Noreg og EU møtast for å gjennomgå vilkåra for handel med basis landbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Forhandlingane skal skje innanfor rammene av partane sin respektive landbrukspolitikk, og vidare reduksjonar av handelshindringar skal skje på gjensidig fordelaktig basis. 

Noreg og EU har tidligare inngått to avtaler om auka handel med landbruksvarer i medhald av artikkel 19, i 2003 og sist i 2010 med iverksetjing frå 2012. I 2015 starta nye forhandlingar etter artikkel 19. Det har til no vore tre forhandlingsmøter, det siste var 5. april. Det er ikkje avtalt dato for nytt forhandlingsmøte med EU. 

Storbritannia og EU står overfor krevjande avklaringar knytt til utmeldinga, og det vil mellom anna vere ei lang rekke spørsmål òg på det handelspolitiske området.    

I lys av dette og der situasjonen ikkje er avklara  korkje formelt eller faktisk, samt av omsyn til artikkel 19-forhandlingane sjølve, kan eg ikkje kommentere detaljar i det norske opplegget for forhandlingane på det noverande  tidspunktet. 

Vår haldning i artikkel 19-forhandlingane vil framleis vere å finne konstruktive løysingar som legg til rette for auka handel, samstundes som vi tek vare på viktige norske landbruksinteresser.   

Regjeringa har dessutan sett i gang eit breitt analysearbeid for å sjå på Noregs tilhøve til Storbritannia og kva for konsekvensar den britiske utmeldinga av EU vil ha for vårt samarbeid. Før sommaren blei det nedsett ei interdepartemental arbeidsgruppe på høgt embetsnivå under leiing av Utanriksdepartementet. Arbeidsgruppa har medlemmer frå alle departementa. Gruppa skal følgje forhandlingane mellom EU og Storbritannia og gi innspel til regjeringa om korleis norske interesser best kan varetakast.

 

Med helsing 

Jon Georg Dale