Historisk arkiv

Svar på spørsmål om menneskerettar i Bahrain

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kva den norske regjeringa gjer for å påverke den stadig forverra situasjonen for menneskerettar i Bahrain.

Skriftlig spørsmål nr. 1810 (2020-2021).
Datert 06.04.2021

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Kva gjer den norske regjeringa for å påverke den stadig forverra situasjonen for menneskerettar i Bahrain og er det i dag eit fellesskandinavisk initiativ for å hjelpe dei fengsla skandinaviske aktivistane?

Utanriksministerens svar:
Vi er opptekne av situasjonen for menneskerettar i Bahrain, og har hatt eit særlig fokus på situasjonen for forsvararar av menneskerettar. Mange aktivistar er fengsla i Bahrain. Dette er urovekkjande. Situasjonen for dei fengsla er dessutan vanskeleg og truleg ytterlegare forverra som følgje av covid-19. Dette er dessverre situasjonen i fleire land i regionen.

Vern av forsvararar av menneskerettar er høgt prioritert av regjeringa. Vi har konsekvent oppfordra styresmaktene i Bahrain om å etterleva sine internasjonale plikter og lauslate samvitsfangar. Vi har teke opp vår bekymring for situasjonen i Bahrain i innlegg i FNs menneskerettsråd ein rekkje gonger dei siste åra. I den førre periodevise landhøyringa (UPR) av Bahrain i 2017 tok Noreg opp med Bahrain blant anna kva dei gjer for å beskytte forsvararar av menneskerettar. Neste UPR-høyring for Bahrain skal vere i 2022.

Vi er kjende med at ein dansk og ein svensk statsborgar er blant dei fengsla i Bahrain. Dei nordiske landa har tett kontakt om fremjing av menneskerettar internasjonalt, og Noreg held fram arbeidet saman med andre land for å bidra til at fengsla forsvararar av menneskerettar i Bahrain, og andre stadar, blir sette fri.