Historisk arkiv

Svar på spørsmål om folkerøystinga i Catalonia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om regjeringa mellom anna reknar folkerøystinga i Catalonia for å vere i strid med folkeretten.

Skriftleg spørsmål nr. 94 (2017-2018).
Datert 20.10.2017

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Reknar regjeringa folkerøystinga i Catalonia for å vere i strid med folkeretten, og har ikkje regjeringa ei anna haldning til spanske styresmakter si handtering av folkerøystinga og bruken av vald enn at dette er «et internt spansk anliggende»?

Svaret frå utanriksministeren:
Utanriksdepartementet har ikkje uttalt at spanske styresmakters bruk av vald i samband med folkeavstemminga i Catalonia er ei intern spansk sak. Utanriksdepartementet uttrykte tvert om uro over bruken av vald i samband med folkerøystinga, og for at situasjonen skulle eskalere ytterlegare.

På generelt grunnlag vil eg understreke at spørsmål om respekt for grunnleggande internasjonale menneskerettar i samband med ein stats utøving av avgjerdsmakt, ikkje er å rekne bare som ei intern nasjonal sak.

Regjeringa har meint at spørsmålet om å halde ei folkerøysting om sjølvstende for Catalonia er ei intern spansk sak, som må få si løysing innanfor Spania si nasjonale lovgiving. Det følgjer av dette at regjeringa ikkje reknar at ei folkerøysting om sjølvstende i seg sjølv reiser folkerettslege spørsmål eller er i strid med folkeretten.

I lys av prinsippet om territorial integritet, vil det likevel bare under heilt særskilde omstende vere aktuelt for statar å anerkjenne oppretting av ein ny stat gjennom einsidig lausriving. Slike særlege omstende gjer seg ikkje gjeldande for Catalonia.