Historisk arkiv

Svar på spørsmål om flyktningar i Egearhavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreides svar på eit spørsmål frå Knut Arild Hareide (KrF) om kva Noreg har gjort og skal gjere for å løyse den kritiske situasjonen for flyktningar på dei greske øyane i Egearhavet.

Skriftleg spørsmål nr. 800 (2017-2018).
Datert 26.01.2018

Frå representanten Knut Arild Hareide (KrF):
Kan utviklingsministeren sei kva Norge har gjort og skal gjere for å løyse den kritiske situasjonen for flyktningar på dei greske øyene i Egearhavet, og for einslege, mindreårige spesieIt?

Utanriksministerens svar:
Hellas har store utfordringar knytt til handteringa av det store talet flyktningar og migrantar som har kome til landet dei seinaste åra. Mykje er gjort for å styrke det greske asylsystemet. Mellom anna er mottakskapasiteten auka og klageorgan etablert. Søkjarane skal ha tilgang til fritt rettsråd i klageprosessen. Dei regionale asylkontora er utbetra. Fleire er rekruttert for å auke kapasiteten på sakshandsaminga. Europakommisjonen som har ansvaret for å overvake situasjonen meiner det er gjort strukturelle og institusjonelle utbetringar. I seinare tid er det vesentleg færre asylantar som kjem til Hellas, mellom anna grunna semja mellom EU og Tyrkia frå mars 2016.

Rapportar om utviklinga på øyane gir likevel grunn til uro. Regjeringa meiner at både EU, Noreg og internasjonale organisasjonar har eit ansvar for å bidra til å løyse den fastlåste situasjonen for asylsøkjarane. Men det finnes korkje raske eller enkle løysingar.

Noreg har ytt vesentleg innsats på fleire områder. Vi deltar i EUs mekanisme for omlokalisering på friviljug grunnlag, sender ekspertar til operasjonar i regi av det europeiske asylbyåret (EASO) og bidrag gjennom EØS-midla.

I september 2015 vedtok EU å flytte asylsøkjarar frå Hellas og Italia. Dei blei fordelt på EU-landa etter ein avgjort fordelingsnøkkel. Stortinget avgjorde i desember 2015 at Noreg skulle ta i mot 1500 asylsøkjarar som var i Hellas og Italia. Til saman 693 asylsøkjarar kom til landet frå Hellas i perioden oktober 2016 til august 2017. Av desse var 27 einslege mindreårige. Noreg ser behovet for å søkje felles løysingar på felles utfordringar.

EU diskuterer forslag til å revidere asylregelverket (Common European Asylum System, CEAS), og freistar å vinne semje om ein meir permanent mekanisme for fordeling av asylsøkjarar innan Europa. Noreg tek ikkje del i desse forhandlingane, men vi har gitt uttrykk for vårt syn til EUs organ. Regjeringa støttar europeiske løysingar, basert på enkle, føreseielege og effektive rettsreglar. Vi er positive til vidare deltaking i eit framtidig europeisk system som fastset ansvaret for asylsøkjarar (Dublin-samarbeidet). Vi støttar ein reform som sikrar jamnare fordeling av asylsøkjarar i Europa. I framtida vil dette avlaste land som Hellas.

Noreg er tilslutta EASO og har i fleire år bidrege med ekspertar til Hellas. I 2017 bidrog vi med seks ekspertar frå norske utlendingsstyresmakter. Norske ekspertar på Lesvos hjelper til dømes særskilt med å vurdere sårbarheita hos asylsøkjarar. Norske bidrag har styrka kapasiteten til greske asylstyresmakter, kartlagt utfordringar og bidrege til å ta interessene til einslege mindreårige asylsøkjarar betre i vare. Noreg søkjer å sende ekspertar gjennom EASO til Hellas også i år, inkludert til oppdrag på dei greske øyane.

Gjennom EØS-midla har Noreg gitt vesentlege bidrag til oppbygging av ein sivil asyladministrasjon i Hellas og til kapasitetsbygging av det greske mottaksapparatet for flyktningar og migrantar. Det er særleg fokus på vern og omsorg for einslege mindreårige og andre sårbare grupper. EØS-midla (2009-2014) dekka m.a. driftskostnadene til eit av to mottakssentre på Moria/Lesvos. Flyktninghjelpa får også pengar gjennom EØS-midla og har styrka drifta av mottakssentre. EØS-midla går også til UNHCR, IOM og greske sivilsamfunnsorganisasjonar. I førre finansieringsperiode bidrog Noreg med totalt 24,2 millionar euro til desse formåla (som svarar til 237 millionar kroner etter dagens kurs).

Det er sett av 33 millionar euro (tilsvarande 316 millionar kroner) til å vidareføre og utvikle denne satsinga framover. Asylprogrammet rettar seg spesielt mot einslege mindreårige og andre sårbare grupper.

Noreg er ein av dei største bidragsytarane av ikkje-øyremerka støtte til FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) med 350 millionar kroner årleg. UNHCR er den viktigaste aktøren i FN-systemet for vern av og hjelp til flyktningar. Det gjeld også internasjonal hjelpeinnsats i Hellas.