Historisk arkiv

Svar på spørsmål om verdien av norsk våpeneksport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 144 (2015-2016)

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Per Olaf Lundteigen (Sp) om verdien av godkjend norsk våpeneksport dei siste fem åra.

Skriftleg spørsmål nr. 144 (2015-2016).
Datert 02.11.2015

Frå representanten Per Olaf Lundteigen (Sp):
Eg vil be utanriksministeren gje skriftleg svar på følgjande spørsmål: Kva er verdien av godkjend norsk våpeneksport dei siste fem åra?

Utanriksministeren sitt svar:
Verdien av godkjend norsk våpeneksport blir presentert i den årlege stortingsmeldinga for eksport av forsvarsmateriell, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid.

Eksporten av godkjent forsvarsmateriell frå 2010 til 2014 er 17.367.514.000 kroner. Desse tala gjeld eksport av forsvarsmateriell, ikkje tenester, retur utlandet og reparasjonar, produksjonsrettar og formidling. Heller ikkje fleirbruksvarer til militær sluttbruk er med. All statistikk er tilgjengeleg i Melding til Stortinget nr. 8 (2015-2016) side 42.

Tala for 2015 er ikkje offentlege då dei først kan leggast fram i stortingsmeldinga neste år. Årsaka er at Utanriksdepartementet må ta i mot lovpliktig rapportering frå eksportørar av forsvarsmateriell før tala kan utarbeidast.