Historisk arkiv

Svar på spørsmål om kostnadene ved oppfølgjing av EU-direktiv og forordningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kva som er den årlege kostnaden for Noreg og kor mange årsverk i offentleg verksemd som går med til å følgje opp EU-direktiv og forordningar inn i lovverket.

Skriftleg spørsmål nr. 2122 (2019-2020).
Datert 30.06.2020

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren:
Kva er den årlege kostnaden for Noreg og kor mange årsverk i offentleg verksemd går med til å hjelpa i førebuing, implementere og følgje opp EU-direktiv og forordningar inn i det norske lovverket?

Utanriksministerens svar:
Arbeidet med EU/EØS-saker inngår som ein del av ordinære og løpande oppgåver i offentleg forvaltning. Dette gjeld for departementa, direktorat, ytre etatar og kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Førebuingar, gjennomføring og oppfylging av EØS-relevant regelverk er ein integrert del av arbeidskvardagen i offentleg forvaltning, og blir handtert innanfor eksisterande system og ressursar, både personal- og kostnadsmessig. Arbeidet med EU/EØS-saker kan ikkje på ein enkel måte skiljast ut frå andre oppgåver i norsk forvaltning.

EU/EØS-arbeidet i forvaltninga er belyst i NOU 2012:2 «Utenfor og innenfor», som vart laga på oppdrag av dåverande regjering i 2010. Utgreiinga syner at EU/EØS ikkje vert brukt som argument for å tilføra forvaltninga store auka ressursar. Det er ikkje grunn til å anta at ressurssituasjonen i forvaltninga har endra seg nemneverdig sidan den gong. Dette fordi det ikkje er gjort nokon større organisasjonsmessige endringar i norsk forvaltning som har påverka strukturen eller ressurssituasjonen i EU/EØS-arbeidet.

Gjennom EØS-avtalen er Noreg kopla til det løpande arbeidet i EU med å harmonisera og standardisera krav til varer, tenester, kvalifikasjonar m.m. Harmonisering gjennom EØS gir oss fordelar ved at vi tar del i eit til dels omfattande, detaljert og komplisert regelverk av teknisk karakter utforma gjennom grundige felles prosessar der også Noreg aktivt deltar og påverkar. Som enkeltstat hadde det vore eit vanskeleg, kostbart og ineffektivt arbeid å gjera alt dette på eiga hand.