Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Den økonomiske og monetære union (ØMU)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 977 (214-2015)

Statsråd Vidar Helgesens svar på eit spørsmål frå Per Olaf Lundteigen (Sp) om kvifor ikkje norsk utanriksteneste er open på at den politiske konstruksjonen Den økonomiske og monetære union (ØMU)  med felleseuropeisk myntenhet utgjer ein systemfeil.

Skriftleg spørsmål nr. 977 (214-2015)


Spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp):
Kan statsråden svara på kvifor ikkje norsk utanriksteneste er open på at den politiske konstruksjonen Den økonomiske og monetære union (ØMU) med den felleseuropeiske myntenheten euro, og som vidare byggjer på felles sentralbank og rente men ikkje felles finansdepartement og finanspolitikk, utgjer ein systemfeil? 

Grunngjeving: Den økonomiske og monetære union (ØMU) med fellesvalutaen euro er eit politisk prosjekt som det er knytt mykje prestisje til i Den europeiske union. Innan euroområdet er det ikkje nedfelt reglar for nedskriving av gjeld, noko som har gjort problema større for einskildland i eurosona. Noreg har med vår sjølvstendige valuta og som eit ikkje-unionsland høve til å problematisera den politiske konstruksjonen som ØMU er.

Statsråd Helgesens svar:
Eg vil takke representanten for eit interessant spørsmål.

I eurosonen blir pengepolitikken utforma på europeisk nivå, medan medlemslanda har ansvaret for finanspolitikken og den økonomiske politikken. Finans- og gjeldskrisa tydeleggjorde at denne ansvarsdelinga kan vere utfordrande. Regjeringa har omtala utfordringane knytt til samordning av den økonomiske politikken i euroområdet i budsjettdokumenta, både i nasjonalbudsjetta og Revidert nasjonalbudsjett, samt i dei halvårlege orienteringane om viktige EØS- og EU-saker som eg gir Stortinget.

I lys av erfaringane frå eurokrisa, har EU satt i verk tiltak for å styrke finanspolitisk disiplin og betre koordineringa av den økonomiske politikken. Det er vidare etablert eit krisefond (European Stability Mechanism) som kan gi lån til euroland med akutte finansieringsproblem, og ein såkalla bankunion for euroområdet og andre EU-land som ønskjer å slutte seg til. Bankunionen består av éi felles tilsynsmyndigheit (Den europeiske sentralbanken), éin felles kriseløysingsmekanisme for bankar og eitt felles bankredningsfond. I oktober 2014 etterlyste eurotoppmøtet konkrete mekanismar for sterkare økonomisk samordning og solidaritet. Presidentane for Det europeiske råd, Kommisjonen, Eurogruppa og Den europeiske sentralbanken la 12. februar i år fram eit analysenotat som skal danne grunnlag for diskusjonane om å fordjupe eurosamarbeidet. Dei skal etter planen legge fram ein endeleg rapport med forslag til EU-toppmøtet i juni.

Ettersom Noreg ikkje er medlem av EU, og ei heller ein del av eurosonen, er vi ikkje ein partnar i dette ordskiftet. Vi vil heller ikkje bli direkte omfatta av eventuelle tiltak for å sikre ein djupare og meir vel fungerande økonomisk og monetær union. Men eit vel fungerande samarbeid i eurosonen er viktig for vekst og velstand i Noreg, gitt våre tette økonomiske band med andre europeiske land.