Svar på spørsmål om Noreg sin tilslutnad til EU sitt finanstilsyn

Svar frå EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om regjeringa si grunngjeving for ei hastehandsaming av Noreg sin tilslutnad til EU sitt finanstilsyn.

Skriftleg spørsmål nr. 1285 (2015-2016)
Datert 13. juni 2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til EØS- og EU-ministeren:
Eg vil be ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU gje skriftleg svar på følgjande  spørsmål:

Kan statsråden garantere at regjeringa frå norsk side ikkje vil leggje noko press på Island, verken når det gjeld tidsbruk i saka eller deira moglegheit tiI å gjere ei reell og sjøIvstendig konstitusjonell vurdering?

Grunngjeving: Regjeringa og Arbeiderpartiet si grunngjeving for hastehandsaminga av denne saka har vore sterkt misvisande. Regjeringa og Arbeiderpartiet meiner at ei norsk utsetjing av saka vil sinke arbeidet med endringar av EØS-avtala.

I Klassekampen 9. juni er Truls Wickholm sitert slik: "SIik jeg forstår det på tilbakemeldingene fra regjeringa, har det vært lagt opp til at Efta-landene nå behandler dette i løpet av sommeren, og at man kan ha vedtak fra alle parlamentene, så Efta kan godkjenne avtalen i forhandlinger med EU".

No viser det seg at det islandske parlamentet likevel ikkje vil handsame saka før i haustsesjonen. Det er varsla grundig handsaming på Island, og jusprofessor Øgmundur Jônasson fortel til Nationen 9. juni at han meiner saka er i strid med Island si grunnlov. 

Når det islandske parlamentet ventar til etter sommaren, er det heller ikkje nokon grunn tiI at Stortinget hastehandsamar saka.

Det bør seiast klårt at Island skal stå fritt til å gjere sjølvstendige vurderingar ut frå deira eiga grunnlov.

EØS- og EU-ministeren sitt svar:
Eg takker representant Navarsete for spørsmålet.

Som eg sa i Stortinget under handsaminga av norsk tilslutnad til EU sine finanstilsyn 13. juni, er dette ei stor og viktig sak i EØS-samarbeidet og for EØS-avtala. EØS-komiteen kan taka avgjerd i saka når alle avtalepartar, EU, Island, Liechtenstein og Noreg er ferdige med sine førebuingar. Alle tek den tid dei treng.

Det er gjort nærare greie for prosessane i Prop. 100 S og Prop. 127 L samt i brev til Stortinget 8. juni.

I Prop. 100 S (2015-2016) kapittel 1 er det opplyst:

«Beslutningene i EØS-komiteen er foreløpig ikke fattet. Utkastene til EØS-komitébeslutninger er til behandling i EUs organer og i de to andre EØS/Efta-statene. For at Norge ikke skal forsinke ikrafttredelsen av de ovennevnte beslutningene, legges det opp til at Stortingets samtykke innhentes før beslutningene er fattet i EØS-komiteen.»

I Prop. 127 L (2015-2016) kapittel 2 er det opplyst:

«Regjeringen på Island la i april frem for Alltinget tilsvarende forslag om samtykke til EØS-komitébeslutninger som forslaget fremmet for Stortinget i Prop. 100 S (2015–2016). Regjeringen i Liechtenstein legger frem tilsvarende forslag for sin nasjonalforsamling i mai. EU planlegger rådsbeslutning i løpet av juni. Dersom Stortinget og nasjonalforsamlingene på Island og i Liechtenstein gir samtykke, og EU-siden gjennomfører de nødvendige prosedyrene på sin side, vil beslutningene i EØS-komiteen som det er redegjort for i Prop. 100 S (2015–2016) trolig tidligst kunne fattes i juli.»

Finansministeren opplyste dette i brev 8. juni 2016 til Stortinget:

«Finansdepartementet har tidligere fått opplyst fra embetsverket i Liechtenstein at parlamentet ga samtykke 12. mai. Finansdepartementet har i dag fått opplyst fra Norges ambassadør til Island at saken ikke er «blitt ferdigbehandlet nå, men at det er gode muligheter for at den vil bli behandlet under ekstraordinær sesjon i Alltinget i august».

Departementet veit enno ikkje når EU vil ha gjennomført dei nødvendige prosedyrane på si side.

Partane i EØS-avtala er sjølvstendige og jamstilte. Dei fylgjer sine eigne prosedyrar og tek sjølve sine avgjerder etter gjeldande lov og rett. Eg er viss på at styresmaktene på Island sjølve veit å handsama saka på rette måten.