Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Joshua French

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Astrid Aarhus Byrknes (KrF) om kva planar Utanriksdepartementet har for arbeidet med å få Joshua French til Noreg.

Skriftlig spørsmål nr. 872 (2015-2016).
Datert 08.04.2016

Frå representanten Astrid Aarhus Byrknes (KrF):
Kva kan utanriksministeren gjere, og kva planar har Utanriksdepartementet ytterligare, for å få Joshua Olav Danile Hodne French benåda eller overført til Noreg for soning?

Utanriksministerens svar:
Utanriksdepartementet har følgt denne saka tett sidan fengslinga av Tjostolv Moland og Joshua French i mai 2009. Departementet er godt kjent med utviklinga i saka med omsyn til helsa til Joshua French som følgje av kontakt med pårørande og besøk i fengselet og på sjukehuset der French har vore innlagd sidan 14. januar i år.

Innanfor dei rammene som Stortinget har satt for konsulær støtte, gjer Utanriksdepartementet det som er mogeleg for å støtte Joshua French under dei vanskelege tilhøva som er for soninga.

Utanriksdepartementet har jamleg kontakt med styresmaktene i Kinshasa for å finne ei løysing i saka. Det synest som om styresmaktene i DR Kongo ikkje ser overføring til Noreg for soning som aktuelt, men etter det vi kjenner til er spørsmålet om å få nåde til vurdering. Vi kan førebels ikkje seie noko om når ei endeleg avgjerd vert teken.

I denne saka arbeider vi i lag med britiske styresmakter, ettersom Joshua French er både norsk og britisk borgar. Arbeidet vårt for å få Joshua French overført til Noreg held fram.