Historisk arkiv

Svar på spørsmål om bustadplikt og Tisa-forhandlingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 831 (2014-2015)

Utanrikminister Børge Brendes svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om bustadplikt for mellom anna entreprenørar og forholdet til Tisa-forhandlingane.

Skriftleg spørsmål nr. 831 (2014-2015).
Datert 27.03.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Har Noreg fjerna kravet om at entreprenøren og fagleg leiar for utanlandske byggefirma må ha hatt bustad i Noreg i minst eitt år, når blei dette kravet fjerna, og dersom kravet blei fjerna etter 1995, korleis kan det då vere korrekt at Noreg sitt opningstilbod i Tisa ikkje medfører nokon endringar frå Noreg si bindingsliste i Gats frå 1995?

Grunngjeving: 9. februar i år sende eg eit skriftleg spørsmål til utanriksministeren om Tisa-avtala. Her spurde eg om Tisa-avtala, dersom Noregs opningstilbod i Tisa-forhandlingane ikkje blir endra på det relevante området, vil gjere Noreg forplikta til å tillate internasjonale byggefirma frå Tisa-landa å etablere seg som AS i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma.

I sitt svar datert 16. februar skriv utanriksministeren at Noreg heilt sidan 1995, gjennom Gats, har «vore forplikta til å tillate utanlandske byggefirma frå WTO-landa å etablere seg i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma utan nokon form for diskriminerande tiltak».

I Noregs bindingsliste frå 1995 står det like fullt eit heilt klart krav overfor utanlandske firma som vil operere i Noreg. I vedlegg nr. 2 til St.prp. nr. 65 1993-94, side 308, kan ein lese følgjande restriksjon på nasjonal handsaming innan bygg og andre relaterte ingeniør tenester:

«Entreprenøren og faglig leder for virksomheten må i minst 1 år ha hatt bopel i Norge og fremdeles bo der. I særlige tilfeller kan det gjøres unntak. Dersom entreprenøren flytter fra Norge vil godkjennelsen falle bort inntil han igjen har bopel i Norge.»

I Noregs opningstilbod for Tisa-forhandlingane kan eg ikkje sjå at Noreg har lagt inn tilsvarande restriksjon for nasjonal handsaming.

Utanriksministerens svar:

Noreg fjerna kravet om bustad for entreprenør og fagleg leiar då entreprenørlova vart oppheva med verknad frå 1. april 1997. I staden er det no gjeldande reguleringar i byggingssektoren som inkluderer krav om godkjenning av føretak for ansvarsrett, med fokus på kvalifikasjonar. Då Noreg fremja opningstilbodet sitt i Doha-forhandlingane 31. mars 2003, vart endringa på dette punktet teke med. Det er og reflektert i det reviderte Doha-tilbodet frå 28. juni 2005. Dette er soleis ein norsk Doha-posisjon. Denne endringa blei omtala for Stortingets organ i samband med orienteringar om Doha-forhandlingane i mars 2003.

I Noregs bindingsliste i WTO-avtalen om handel med tenester (Gats) frå 1995, er bustadskravet som då gjaldt reflektert som ei innskrenking i plikta til nasjonal handsaming av utanlandske tenester som vert levert gjennom midlertidig opphald for tenesteytarar personleg (kalla leveringsmåte 4 i bindingslista). Noreg har inga innskrenkingar i plikta til nasjonal handsaming av utanlandske tenester som vert levert i Noreg gjennom etablering her (kalla leveringsmåte 3).

Noregs opningstilbod i forhandlingane om ein avtale om handel med tenester (Tisa) er soleis i samsvar med Noregs Doha-posisjoner på dette punktet. Denne posisjonen inneber ei endring i høve til pliktnivået i Gats-bindingslista når det gjeld tenester levert gjennom mellombels opphald av tenesteytarar personleg. Tisa-tilbodet reflekterer det same pliktnivået som er avtala i bindingslista i bilaterale frihandelsavtaler, som og samsvarar med Doha-posisjonane. Tisa-forhandlingane har som grunnlag ei semje om at forhandlingspartane tek med pliktar frå sine «beste» frihandelsavtalar i Tisa-tilboda.