Historisk arkiv

Svar på spørsmål om restrukturering av gjeld

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende har svart på eit spørsmål frå Sveinung Rotevatn (V) om korleis Noreg vil følgje opp arbeidet i FN om eit juridisk rammeverk for restrukturering av gjeld.

Skriftleg spørsmål nr. 41 (2014-2015).
Datert 9.10.2014 

Frå representanten Sveinung Rotevatn (V) til utanriksministeren:
Tysdag 9. september vedtok FNs generalforsamling ei fråsegn om å få på plass eit juridisk rammeverk for restrukturering av gjeld. I tida framover vil det gå føre seg forhandlingar om korleis dette rammeverket skal utformast. Korleis vil Norge følgje opp dette arbeidet i FN? 

Svar frå utanriksministeren:
Internasjonalt arbeid med restrukturering av statsgjelda til utviklingsland har fått auka merksemd det siste halvåret. Det er særskilt rettssaka i New York om fordringane som enkelte private kreditorar har overfor Argentina, og krav om tilbakebetaling og likehandsaming, som har ført til at dette er sett på dagsordenen. 

Saka har vist at gjeldssituasjonen til statar kan få globale følgjer dersom det internasjonale regelverket ikkje i tilstrekkeleg grad er i tråd med sentrale og vedtekne prinsipp for restrukturering. I verste fall kan dommen i New York føre til at långjevarar ikkje ønskjer å ta del i ordna, koordinerte gjeldsoperasjonar. Dette ville vere svært uheldig. 

Gjennom resolusjonen om eit juridisk rammeverk for restrukturering av statsgjeld har dei såkalla G77-landa og Kina skapt eit handlingsrom for å drøfte manglane i det noverande systemet. Dette handlingsrommet er dessverre avgrensa. Nokre land meiner at det noverande systemet er meir eller mindre tilstrekkeleg, eller at ad hoc-løysingar fungerer godt nok. 

Andre meiner at arbeidet med eit juridisk bindande rammeverk vil ha negativ innverknad på finansmarknadane. Tunge kreditorland ønskjer ikkje at det vert etablert nokon sjølvstendig internasjonal mekanisme for restrukturering av statsgjeld. Fleire av dei sentrale kreditorlanda ville truleg ha vore imot den vedtekne resolusjonen, nesten utan omsyn til ordlyd. For andre medverka ordlyden til at dei røysta imot. 

Resolusjonen vart fremja med stort hastverk og utan nemneverdig konsultasjon. Delar av teksten var urealistisk. Långjevarane vart ikkje godt nok involverte i prosessen. Det fanst ikkje noko grunnlag for konsensus. Noreg valde derfor å avstå frå å røyste. 

Noreg støttar arbeidet med å kome fram til eit meir omfattande rammeverk for restrukturering av statsgjeld enn det vi har i dag. Noreg vil medverke til å finne løysingar som kan lette situasjonen for land med meir gjeld enn dei kan handsame. Vi har inngått ein treårig avtale med FNs hovudorgan for handel og utvikling, Unctad, som har oppretta ei ekspertgruppe for dette føremålet. 

Noreg har fått i oppgåve å førebu Finansiering for utvikling-konferansen i Addis Abeba i juli 2015. Her ønskjer Noreg å medverke til konsensus om ein framtidsretta utviklingsagenda. Vi vil vidareføre støtta til eit meir omfattande rammeverk for restrukturering. Noreg vil fremje eigne synspunkt, samstundes som vi vil arbeide for ein konsensusorientert prosess og eit konstruktivt forhandlingsklima.