Historisk arkiv

Svar på spørsmål om FN si nye migrasjonsplattform

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om regjeringa vil syte for for at ålmenta får tilgang til korrekt informasjon om migrasjonsavtala Global Compact for safe, orderly and regular migration, og korleis vert denne saka handsama i regjeringa.

Skriftleg spørsmål nr. 492 (2018-2019).
Datert 3.12.2018

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Vil statsråden syte for at ålmenta får tilgang til korrekt informasjon om migrasjonsavtala Global Compact for safe, orderly and regular migration, og korleis vert denne saka handsama i regjeringa?  

Svar frå utanriksministeren:
Arbeidet med FN-plattformene er nemnt i Justis- og beredskapsdepartementets Prop. 1 S (2018-2019) på side 216 og 263. Utanriksministeren orienterte òg Stortinget om migrasjonsplattforma i den utanrikspolitiske utgreiinga si i februar. I den siste tida har Utanriksdepartementet orientert ålmenta om migrasjonsplattforma til FN gjennom informasjon på regjeringa sine nettsider, mellom anna med svar på dei mest stilte spørsmåla. Utanriksdepartementet tok òg initiativ til å tinge ei uautorisert norsk omsetjing av teksten som er forhandla fram. Denne teksten er lagd ut på regjeringen.no for å gjere han meir tilgjengeleg for publikum. Regjeringa har òg delteke i det offentlege ordskiftet.

I tillegg til dette og i lys av den breie interessa for migrasjonsplattforma til FN har eg bede Stortinget om å få høve til å gjere greie for saka før avrøystinga i generalforsamlinga til FN 19. desember.

Migrasjonsplattforma til FN er ikkje ei mellomstatleg folkerettsleg bindande avtale, men ei politisk fråsegn som medlemsstatane kan velje om dei vil slutte seg til. Plattforma er ikkje eit juridisk bindande instrument, noko som òg går fram direkte av ordlyden i fråsegna, men ei politisk plattform som gjev eit utgangspunkt for samarbeid om migrasjon mellom statar og på eit globalt nivå. Plattforma nemner 23 globale mål for handteringa av migrasjon, med underpunkt som opplyser om tiltak som statane kan trekkje på for å nå desse måla.

Representanten spør òg om korleis saka vert handsama i regjeringa. Migrasjonsplattforma er ikkje ei folkerettsleg bindande avtale (traktat), og tilslutninga til plattforma skal difor ikkje skje etter prosedyren for å inngå traktatar. Ettersom plattforma i seg sjølv ikkje inneber nye forpliktingar, er ho heller ikkje vurdert som ei sak som er viktig nok til at ho må vedtakast av Kongen i statsråd. Regjeringa har gjort greie for den norske tilslutninga i pressemeldinga 13. november 2018, medrekna vurderinga til dei tre regjeringspartia.