Svar på spørsmål om EU-parlamentet og Tisa-forhandlingane

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om korleis EU-parlamentet vert involvert i Tisa-forhandlingane.

Skriftlig spørsmål nr. 523 (2015-2016).
Datert 03.02.2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Kan statsråden gjere greie for alle måtane EU-parlamentet vert involvert i Tisa-forhandlingane på?

Svar frå utanriksministeren:
Europakommisjonen, som forhandlar på vegner av EU, held Europaparlamentet informert ved å sende alle forhandlingsdokumenta over til handelskomiteen i parlamentet (Inta – International Trade). Dokumenta vert samstundes sende til komiteen for handelspolitikk i Rådet. Dokumenta er klassifisert som avgrensa og er ikkje offentlege.

Europaparlamentet har hatt ei gruppe som skal overvake Tisa-prosessen sidan september 2014. Gruppa møtest etter kvar forhandlingsrunde under leiing av saksordføraren for Tisa, og skuggesaksordførarane frå dei andre politiske gruppene deltar også. Dette er eit forum for dialog der forhandlarane informerer parlamentarikarane, og parlamentarikarane i sin tur gjev uttrykk for sine synspunkt.

Konsultasjonsmekanismane internt i EU er ikkje direkte samanliknbare med dei vi har i Noreg. Forankring i Stortinget er viktig og eg vil konsultere på eigna måte undervegs. Den demokratiske prosessen for Tisa er den same som for andre internasjonale avtalar. Regjeringa ønskjer å vere open om Tisa-forhandlingane. Vi vil derfor halde fram å offentliggjere så mykje informasjon som mogleg.