Historisk arkiv

Svar på spørsmål om deltaking i EU-grupper og -komitear

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Alfred Jens Bjørlo (V) om utanriksministeren kan gi ei oversikt over kva ekspertgrupper og komitear under EU-kommisjonen Noreg har høve til å delta i, og kva grupper Noreg faktisk deltek i pr januar 2022.

Skriftleg spørsmål nr. 963 (2021-2022),
datert 20.01.2022

Frå representanten Alfred Jens Bjørlo (V) til utanriksministeren:
Kan utanriksministeren gi ei oversikt over kva ekspertgrupper og komitear under EU-kommisjonen Noreg har høve til å delta i, og kva grupper Noreg faktisk deltek i pr januar 2022? 

Begrunnelse: Noregs viktigaste og mest effektive måte å påverke utviklinga av EU-regelverk på som ikkje-medlemsland i EU, er forvaltinga si deltaking i ekspertgrupper og komitear under EU-kommisjonen. Desse bistår Kommisjonen i utarbeidinga av nye framlegg til regelverk og lover. Noreg si deltaking er ein viktig formell rett under EØS-avtalen som gjev høve til påvirking i tidlege faser av ny regelverksutforming. Etter EØS-avtalen artikkel 99(1) skal Kommisjonen i førebuinga av EØS-relevante rettsakter søkje råd frå Efta-statane sine ekspertar på same måte som kommisjonen innhentar synspunkt frå sakkyndige i EU sine medlemsstatar. Både for norske innbyggjarar og bedrifter er det viktig at dei høva dette gir, vert utnytta fullt ut. Samtidig har ålmenta og norske politikarar lite kunnskap om Noreg si deltaking i EU sine ekspertgrupper og komitear. Allereie i "NOU 2012:2 – utenfor og innenfor" vart det påpeikt at det ikkje blir ført noko systematisk oversikt over norsk deltaking i dei ulike komiteane, og at det heller ikkje er nokon oversikt over kven som representerer Noreg eller norske organ i dei ulike kanalane. 

Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for ein aktiv europapolitikk. Særlig i samband med EUs grøne giv er det akkurat no høgt tempo i Kommisjonens utarbeiding av nytt regelverk som er relevant for Noreg. Aktiv deltaking i komiteane og arbeidsgruppene gjer det mulig for oss å fange opp viktige framlegg tidlig. Samtidig er det i ei tidleg fase det er lettast å påverke innhaldet dersom deltakarane er godt førebudde og har fagleg tunge innspel. Høvet til tidleg påvirking utgjer eit viktig politisk handlingsrom for Noreg, og vi bør etter Venstre sitt syn aktivt nytte oss av alle påverknadskanalar EØS-avtalen gjev oss.

Utanriksministerens svar:
Vår rett til å delta fullt ut i EUs komitear og ekspertgrupper er viktig. Aktiv deltaking av erfarne og kompetente norske ekspertar i den tidlege fasen av regelverksutviklinga i EU er kanskje det mest effektive verkemiddelet vi har for å ta vare på norske interesser.

EØS-avtalen gjev grunnlag for norsk deltaking i ulike komitear og ekspertgrupper. Når Kommisjonen utarbeider nytt regelverk på eit område som EØS-avtalen omfattar, skal Kommisjonen uformelt søkje råd frå EØS/Efta-ekspertar på same måte som han søkjer råd frå ekspertar frå EU sine medlemsstatar. Norske ekspertar har dermed rett til å vere involverte i førearbeida som fører til utvikling av EØS-relevant regelverk. Dette er — som representanten Bjørlo sjølv påpeikar — nedfelt i artikkel 99 i EØS-avtalen. I tillegg sikrar artikkel 100 at norske ekspertar kan delta i komitear som utarbeider EØS-relevante gjennomføringsrettsakter.

Vidare er det i artikkel 81 i EØS-avtalen teke inn at norske ekspertar kan delta i komitear og arbeids-/ekspertgrupper under EU-program som Noreg deltek i, til dømes Horisont Europa. I tillegg gjev artikkel 101 i EØS-avtalen høve til deltaking i andre komitear enn dei som er omfatta av artiklane 81 og 100, i den grad dette er nødvendig for å sikre verkemåten til EØS-avtalen.

EØS-avtalen gjev såleis rett til norsk deltaking i svært mange av EUs komitear og ekspertgrupper. Ei liste over EØS-relevante komitear er tilgjengeleg på nettstaden Europalov.no. Lista, som omfattar 224 slike komitear, inneheld mellom anna lenker til rettsaktene der komiteane vert oppretta, og dessutan ei oversikt over kva departement som er ansvarleg for saksfeltet.

Det vert heile tida gjort endringar i oppsettet av EUs ekspertgrupper. Nye blir etablerte, og gamle blir avvikla. Kommisjonen har oppretta eit register over ekspertgruppene. Registeret, som er tilgjengeleg på EUs heimeside, omfattar ekspertgrupper på alle politikkområde, også område som ikkje er omfatta av EØS-avtalen. Derfor vil ikkje alle gruppene i registeret vere relevante for norsk deltaking.

Konstruktiv norsk deltaking i komitear og ekspertgrupper er viktig. Og det er nyttig med ei oversikt over moglegheitene vi har til å delta. Men viktigast er trass alt det faglege arbeidet som vert gjort i komiteane og ekspertgruppene. Dette arbeidet, irekna prioritering av ressursbruk, er det dei enkelte departementa som har hovudansvaret for, saman med dei underliggjande etatane deira.