Svar på spørsmål om norsk landbruk

Utanriksminister Ine Eriksen Søreides svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om korleis statsråden vurderer konsekvensane for norsk landbruk av dei ulike forslaga som ligg på bordet i oppkøyringa til WTOs ministermøte.

Skriftleg spørsmål nr. 458 (2017-2018).
Datert 7.12.2017

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Korleis vurderer statsråden konsekvensane for norsk landbruk av dei ulike forslaga som ligg på bordet i oppkøyringa til ministermøtet?

Svaret til utanriksministeren:
På landbruksområdet var det ei rekke forslag som handlar om medlemene sitt forpliktingsnivå ved bruken av jordbrukssubsidiar. Nokre av desse forslaga vil kunne få følgjer for norsk landbrukspolitikk. Noreg har eit høgt stønadsnivå målt både etter produksjonsverdien i jordbruket og våre WTO-forpliktingar, samanlikna med dei fleste andre land. Derfor kan forslag som slår moderat ut for dei fleste, gi store utslag for Noreg.

Ministermøtet vart utan resultat på landbruksområdet. Det var aldri truverdige forsøk på å oppnå semje om konkrete resultat som ville medført endring av norsk landbrukspolitikk. Dermed var det heller ikkje naudsynt for Noreg under ministermøtet å forsvare det behovet norsk landbruk har for vern.

Vi vil arbeide vidare i WTO for at framtidige resultat, eller rammer for vidare tingingar, tar omsyn til behovet for føreseielege rammevilkår for norsk landbruk.