Historisk arkiv

Svar på spørsmål om norsk eksport av forsvarsmateriell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om når meldinga om norsk eksport av forsvarsmateriell i 2016 vert lagt fram.

Skriftleg spørsmål nr. 1536 (2016-2017).
Datert 30.08.2017

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren: Når vil meldinga bli lagt fram?

Svar frå utanriksministeren:
Meldinga om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2016, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid skal leggjast fram for Stortinget i oktober. Utanriksdepartementet har som mål å vere mest mogleg open om norsk eksport av forsvarsmateriell, og meldinga vil gi omfattande informasjon om den faktiske eksporten i 2016.

Meldinga vil ha same struktur som før og informere om utførselen av relatert teknologi, tenester for militære føremål, overføring av produksjonsrettar og formidling. Meldinga vil òg gi innsyn i avslag på søknader om eksportlisens, utførsel av handvåpen frå Noreg og forsvarsstyresmakta sin bruk av eige materiell i utlandet, og dessutan om utførsel av fleirbruksvarer til militære sluttbrukarar og utførsel av utstyr for bruk i humanitære mineryddingsaksjonar.

Meldinga vil gi ein grundig omtale av regelverket for den strategiske eksportkontrollen og for gjennomføringa av sanksjonar, våpenembargo og restriktive tiltak, og dessutan ein omtale av måten retningslinjene til departementet vert praktiserte på og av det omfattande multilaterale samarbeidet om eksportkontroll.