Svar på spørsmål om tilskotsmidlar til utvikling og nedrusting

Skriftleg spørsmål nr. 227 (2015-2016)

Utanriksminister Børge Brendes svar på spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om tilskotsmidlar under kapittelposten utvikling og nedrusting.

Skriftleg spørsmål nr. 227 (2015-2016).
Datert 18.11.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Når vil regjeringa svare på sivilsamfunnsorganisasjonane sine 2015-søknader om midlar under kapittelpost 164.72, Utvikling og nedrusting?

Utanriksministeren sitt svar:
For 2015 er det forplikta og utbetalt 50 millionar kroner under tilskotsordninga «Utvikling og nedrustning». Dette omfattar mellom anna støtte til sivilsamfunnet sin innsats for å informere om atomvåpen sine humanitære konsekvensar og deira innsats for avskaffing av atomvåpen.

Nysalderinga vart behandla i statsråd 20. november. På grunn av auka utgifter til nyankomne asylsøkarar på 1,7 milliardar har det vore behov for inndekking. Av tilleggsbehovet er 608 millionar kroner foreslått finansiert ved auke i bistandsramma, resterande beløp ved omfordeling av om lag ein milliard kroner under Utanriksdepartementet sitt budsjett. Av dette er det foreslått ein reduksjon på 34,5 millionar kroner på post 164.72. Forslaget medfører mellom anna at det ikkje kan setjast i verk nye tiltak innanfor nedrustningsfeltet, ikkje-spreiingsfeltet og fredeleg bruk-feltet utover det som er forplikta og igangsett.