Historisk arkiv

Svar på spørsmål om løyving av EØS-midlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

EØs- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kor mykje som er løyvd og kor mykje som er planlagt løyvd til alle mottakarland i EØS-midlar frå 2013 til 2017.

Skriftleg spørsmål nr. 189 (2016-2017)
Datert 4.11.2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Eg vil be ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU gje skriftlig svar på følgjande spørsmål: Kor mye er løyvd og kor mye er planlagt løyvd til alle mottakerland (fordelt på enkeltland) i EØS-midlar (EØS-finansieringsordning og den norske finansieringsordninga) frå Noreg i kvart av åra 2013, 2014, 2015, 2016 og 2017?

EØS- og EU-ministeren sitt svar:
Eg vil få takke for spørsmålet. Når det gjelder kor mykje midlar som er overført til dei enkelte mottakarland av norske EØS-midlar ( norsk del av EØS-finansieringsordninga og den norske finansieringsordninga), vil det for perioden 2013–2017 gjelde tre EØS-finansieringsordningar; 2004–2009, 2009–2014 og 2014–2021. Hovudtyngda av utbetalingane for åra 2013–2017 er for EØS-finansieringsordninga 2009–2014.

Perioden 2004-2009

Under denne perioden 2004–2009 var siste løyving gjort i 2012, mens siste rekneskapsførde beløp var i 2015. I 2013 vart det utgiftsførd totalt 3,1 millionar euro, i 2014 0,4 millionar euro og i 2015 vart det inntektsført 0,3 millionar euro, dvs. netto tilbakeførde midlar frå mottakarlanda.

Perioden 2009–2014

For EØS-finansieringsordninga 2009–2014 er ramma på totalt 1,8 milliardar euro. Midlane til mottakarlanda går gjennom 87 program. Utbetalinga til mottakarlanda starta i 2011, og utbetalingane har auka kvart år fram til og med 2015. For desse åra har vi rekneskapstal.

Vedlagde tabell viser rekneskapstal i euro pr. år frå 2013 til og med 2015 fordelt per land per ordning. Tabellen er delt inn i tre kolonnar for kvart år: norsk ordning, EØS-finansieringsordninga sin norske del og totalt per land for norske midlar (dersom ein legg dei andre EØS-landa sine bidrag til dette, får ein det totale talet for kva landet har motteke).

Tala er basert på rekneskapsrapportar frå sekretariatet vårt i Brussel for ordningane (Financial Mechanism Office).

Når det gjeld 2016, er rekneskapet ikkje avlagt, og det er difor anslag som vert nytta. Det er knytt stor usikkerhet til desse anslaga då endelege rekneskapstal er avhengig av framdrift i prosjekta og kor stor del av prosjekta som vert gjennomførde. Eg ynskjer særleg å knyte ein kommentar til Ungarn, der det var ei kraftig auke frå rekneskapstala for 2015 ( 3,6 millionar euro) til anslått utbetaling i 2016 (43,8 millionar euro), jfr. vedlagde tabell. Dette har samanheng med at Ungarn var suspendert i perioden 7. mai 2014 til 9. desember 2015 grunna einsidig ungarsk vedtak om å endre/fråvike deler av rammeavtala mellom gjevarlanda og Ungarn. Denne saka er no løyst, og suspensjonen er oppheve. Ungarn fekk etter dette – på lik linje med andre mottakarland – høve til å søke forlenging for prosjekt. Dei budsjettmessige implikasjonane for utsetjingane er ikkje endeleg avklåra. Det knyt seg såleis stor usikkerhet til Ungarn.

Når det gjeld 2017, er det også her knytt stor uvisse til anslaga då endelege rekneskapstal er avhengig av framdrift i prosjekta og kor stor del av prosjekta som vil verta gjennomførde. I Prop.1 S Utanriksdepartementet er det gjort framlegg om å løyva 446 millionar kroner til norsk bidrag til EØS-finansieringsordninga og 408 millionar kroner til den norske finansieringsordninga. Ein går ut frå at det vert størst utbetaling til Polen, Ungarn og Latvia i 2017. Dette kan på den andre sida endre seg, avhengig av framdrifta i prosjekta i dei ulike landa.

Perioden 2014–2021

Under denne ordninga er det fyrst planlagd utbetalt midlar til mottakarlanda i 2017. Det er knytt stor uvisse om anslaga då desse er knytt til resultata av forhandlingane med mottakarlanda og når desse forhandlingane kan avsluttast. Per i dag er MoU-forhandlingane med Romania avslutta som fyrste land. I Romania er ein no byrja på fasen med programutvikling, som vil verta følgd av sjølve prosjektfasen, der hovuddelen av utbetalingane vil koma. I 2017 er det planlagd forskotsutbetalingar til teknisk assistanse til mottakarlanda og til bilaterale midlar. Dette vil vera midlar som mottakarlanda og partnarar frå gjevarlanda vil kunna trekka på i programutviklingsfasen.

I 2017 tar ein vidare sikte på at det vert utbetalt midlar til regional- og ungdomsfondet. Det er sett av ca. 25 millionar euro til dette føremålet i 2017. Vi kan diverre ikkje forskottere fordelinga av regional- og ungdomsfondet per land, då fordelinga ikkje er klar.

For nærmare informasjon om ordninga vert det vist til Prop.1 S Utanriksdepartementet der det vert foreslått løyvd 185 millionar kroner under kap.117 post 77 EØS-finansieringsordningane og 185 millionar kroner under post 78 Den norske ordninga.