Svar på spørsmål om Tisa-forhandlingane

Skriftlig spørsmål nr. 434 (2014-2015)

Utanriksminister Børge Brende har svart på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om konkurranseutsetting og Tisa-forhandlingane.

Skriftlig spørsmål nr. 434 (2014-2015).
Datert 09.01.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Det blir hevda at norske sjukehustenester ikkje blir opna for konkurranseutsetting gjennom Tisa-forhandlingane. Er årsaka til den ulike informasjonen om dette at Noreg sine "initial offers" er blitt endra det siste året under forhandlingane, eller er det feil at sjukehustenester ikkje blir påvirka av ei eventuell Tisa-avtale? 

Begrunnelse: Regjeringa er no på andre året i forhandlingar om Tisa-avtala, ei internasjonal avtale for handel med tenester. Tisa-avtala har som føremål å standardisere nasjonale reglar for ei stor del av den nasjonale tenestesektoren. Ei lang rekke organisasjonar åtvarar mot at Tisa-avtala vil leggja eit press på nasjonalstatane om privatisering, også av offentlege tenester. Mellom anna har Public Services lnternational og lnternational Trade Union Confederation, som representerer mange titals millionar arbeidstakarar verda over, uttrykt sterk uro over effekten Tisa-avtalen kan få for det vi kallar offentlege tenester. Her i landet er Fagforbundet mellom dei som åtvarar sterkt mot konsekvensane av Tisa-avtala. 

Det siste året har det dukka opp fleire kritiske, og urovekkande spørsmål til Tisa-avtalen. Så langt har det som har kome frå regjeringa berre gitt uttrykk for at Norge kun vil få store fordelar av avtalen, og at motytingane Norge må tilby er bagatellar. I tråd med dette skreiv statssekretær Morten Høglund i ein kronikk i Klassekampen 12. november, at regjeringa i Tisa-forhandlingene «ikke har forpliktet oss til å opne markedene for sykehustjenester, offentlige utdanningstjenester, eller sosiale velferdstjenester». I Norge sine "initial offers" står det likevel at det er inga avgrensing for utanlandsk bedriftsetablering (commercial presence) i Norge for "Deliveries and related services, nursing services, physiotherapeutic and para-medical services (CPC 93191)" (med unntak av kvalifiksjonskrav til arbeidarane). Etter som deliveries and related services må tolkast som fødestover og liknande, tyder dette på at sjukehustenester vil bli opna for privatisering som følgje av Tisa-avtala. Fødestover er trass alt vanlege å finne i norske sjukehus. 

Utanriksministerens svar:
Vi opnar ikkje for konkurranseutsetting av norske sjukehustenester gjennom Tisa-forhandlingane. Noreg står fritt til å konkurranseutsetje det offentlege tilbodet på tenester, eller å la vere å gjere dette, utan påverknad av Tisa. 

Det viktigaste føremålet med Tisa-avtala er å påleggje fleire land ei plikt til å nytte prinsippet om ikkje-diskriminerande marknadstilgang for utanlandske tenester. Føremålet er å gjere dette for tenester som det finst ein marknad for, og som det i stadig større grad vert handla med på tvers av landegrensene. Noreg har ei lang rekke bindingar med grunnlag i WTO-avtala om handel med tenester. Det er ønskjelig at Tisa-forhandlingane fører til at andre Tisa-land kjem nærmare det norske bindingsnivået, som er høgt når det gjeld tenester som det vert handla med. Noreg deler dette ønsket med ei rekkje andre Tisa-land. 

Reglane for krav til tenestene er nasjonale. Tisa skal ikkje standardisere dei nasjonale reglane, berre gje grunnlaget for opning av eigen marknad for utanlandske tenester og lik handsaming av dei som sel tenester på marknaden. På dette punktet skil Tisa seg frå internasjonale avtaler som har til føremål å standardisere nasjonale reglar, til dømes EØS-avtala. 

Regjeringa har ikkje til føremål å skrive inn i Tisa-bindingslista ei plikt til å opne marknaden for sjukehustenester. Sjukehustenester er ikkje ein del av det norske opningstilbodet i forhandlingane. Vi har ikkje merka noka stor interesse for dette emnet i forhandlingane. Noreg har berre fremja eitt tilbod i Tisa-forhandlingane, opningstilbodet. Dette er å finne på www.regjeringen.no

Når det gjeld jordmortenester og tilsvarande tenester er det ikkje noko nytt i Tisa-opningstilbodet. På dette punktet har opningstilbodet same innhald som den norske bindingslista som er del av WTO-avtala om handel med tenester frå 1995. På same vis som med WTO-avtala inneber ikkje Tisa-avtala at norske styresmakter må konkurranseutsetje jordmortenester og tilsvarande tenester, berre ei plikt om ikkje-diskriminerande marknadstilgang.

Det er viktig å skilje mellom sjukehustenester, som er ei verksemdsteneste, og dei profesjonane som er ein del av innhaldet i sjukehustenestene. Sjukehustenester er ikkje med i WTO-bindingslista vår. Fødestover høyrer inn under sjukehusomgrepet. WTO-avtala forpliktar derfor ikkje Noreg til at utanlandske tenesteverksemder eller jordmødrer kan oppretta fødestover her. Difor er det ikkje naudsynt å avgrensa mot fødestover i punktet om jordmortenester i bindingslista. Som for andre profesjonar i helsesektoren er det denne grunnleggjande skiljelina som avgrensar kva tenester ei jordmor kan utføre ved igangsetjing av verksemd for jordmortenester og tilsvarande tenester. 

Bindingslista nytter kategoriane i den provisoriske sentrale produktklassifiseringa til FN sitt statistikkontor, kalla CPC. Kategorien CPC 93191, som representanten syner til, omfattar tenester som jordmødrer kan utføre utanfor sjukehus og fødestove. Dette kan vere visse enklare polikliniske konsultasjonar i førebuinga til ein fødsel, eller einskilde rådgjevingstenester til dømes om amming.   

Røynslene etter 20 år med WTO-avtala syner at det ikkje er mange utanlandskeigde verksemder av denne sorten som er oppretta i Noreg – om nokon i det heile. Marknaden er truleg avgrensa, fordi desse tenestene er ein del av det offentlege (kommunale) tenestetilbodet. Alle verksemder i Noreg som utfører jordmortenester, plikter å oppfylle dei same kvalifikasjonskrava som norske jordmødrer, anten det er tilsette i verksemda eller eigaren sjølv som skal utføre tenestene. Dei same krava gjeld òg for retten til å kalle seg jordmor i Noreg. Ei Tisa-avtale med ei norsk bindingsliste som er identisk med bindingslista i WTO-avtala på dette punktet, slik opningstilbodet er, vil ikkje endre noko av dette. 

***

(Tisa = Trade in services agreement)