Historisk arkiv

Svar på spørsmål om norske bedrifter og ei Tisa-avtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om han mellom anna kjenner til døme på tenestemarknader som vil opne seg som følgje av ei Tisa-avtale.

Skriftleg spørsmål nr. 507 (2015-2016)
Datert 29.01.2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Kan statsråden vise til eit konkret døme på ei norsk bedrift som har møtt «stengsel» på ein utanlandsk marknad som bedrifta no vil sleppe, eller kan statsråden vise til eit døme på ein tenestemarknad i eit land som no vil opne seg som følgje av Tisa-avtala?

Svar frå utanriksministeren:
I Tisa-forhandlingane arbeider Noreg for å få på plass spelereglar som gjer tilgangen til utanlandske tenestemarknader mindre vilkårleg, og som sikrar at dei nasjonale reguleringane i andre land skal gjelde mest mogleg likt for nasjonale og utanlandske tenestebedrifter. Dette er viktig fordi det vil gje ein betre og meir føreseieleg marknadstilgang for norske bedrifter innanfor prioriterte sektorar som skipsfartstenester, energirelaterte tenester og tele­kommunikasjons­tenester.

Vi arbeider mellom anna for at tilhøva skal bli lettare å føresjå ved å binde marknadstilgangen for skipsfartstenester, energitenester, ingeniørtenester og telekommunikasjonstenester i Mexico og asiatiske Tisa-land. For skipsfartstenester er det eit viktig mål å avtalefeste eksisterande åpne marknader for internasjonal sjøtransport. For energitenester vil det viktigaste vere å sikre norske tenester likebehandling på offshore-marknaden innan sektorar som seismikkskyting, boring, ankerhandtering og ingeniørtenester. For telekommunikasjonstenester er det viktig å legge til rette for utanlandsk eigarskap i mobiltelefoniselskap. Forhandlingane er enno ikkje avslutta, og difor er det ikkje mogleg å seie noko om sluttresultatet for dei einskilde sektorane.

Fleire av deltakarane i forhandlingane er land som vi manglar bilateral handelsavtale med (t.d. USA og Japan). Andre land har vi handelsavtale med, men utan at avtalene inneheld substansielle forpliktingar når det gjeld handel med tenester (t.d. Canada og Mexico). I eit meir langsiktig perspektiv kan Tisa gje fleire fordelar. Noreg arbeider for at Tisa-avtalen skal bli multilateral og dermed omfatte marknadar som i dag ikkje er med i forhandlingane.