Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Tisa og marknadstilgong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Steinar Ness (Sp) om ministeren kan gje døme på ei norsk bedrift som slit med manglande marknadstilgong til eit av landa som deltek i Tisa-forhandlingane.

Skriftleg spørsmål nr. 746 (2017-2018).
Datert 19.01.2018

Frå representanten Steinar Ness (Sp) til utanriksministeren:
Kan statsråden gje eitt døme på ei norsk bedrift som no slit med manglande marknadstilgong eller «nasjonale stengsler» til eitt av landa som deltek i Tisa-forhandlingane eller som no har problem som følgje av at Tisa-forhandlingane er lagt på is?

Utanriksministerens svar:
Noreg som ein open økonomi treng gode rammer for open og regelstyrt internasjonal handel, inkludert for handel med tenester. Tisa-forhandlingane er på is, men ein ferdigforhandla Tisa vil gje avtalefesta og dermed føreseielege vilkår for marknadstilgongen i ei rekke land som i dag samla står for om lag tre firedelar av eksportmarknaden for norske tenester.

I Tisa-forhandlingane har Noreg arbeidd for å få på plass spelereglar som gjer tilgangen til utanlandske tenestemarknader mindre vilkårleg. Meininga er at Tisa skal binde den marknadstilgangen som finst i Tisa-landa i dag, og som berre nokre av Tisa-landa har avtalefesta for sine tenestebedrifter. Ein fleirsidig Tisa-avtale vil sikre at dei nasjonale reguleringane i Tisa-landa skal gjelde mest mogleg likt for nasjonale og utanlandske tenestebedrifter.

Fleire av deltakarane i forhandlingane er land som Noreg manglar bilateral handelsavtale med (t.d. USA og Japan). Andre land har vi handelsavtale med, men utan at avtalene inneheld substansielle forpliktingar når det gjeld handel med tenester (t.d. Canada og Mexico).

Dette er viktig fordi det vil gje ein betre og meir føreseieleg marknadstilgang for norske bedrifter innanfor prioriterte sektorar som skipsfartstenester, energirelaterte tenester og telekommunikasjonstenester.

Vi arbeider mellom anna for at tilhøva skal bli lettare å føresjå ved å binde marknadstilgangen i veksande økonomiar som Mexico og asiatiske Tisa-land. For skipsfartstenester er det eit viktig mål å avtalefeste eksisterande opne marknadar for internasjonal sjøtransport. For energitenester vil det viktigaste vere å sikre norske tenester likebehandling på offshore-marknaden innan sektorar som seismikkskyting, boring, ankerhandtering og ingeniørtenester. For telekommunikasjonstenester er det viktig å legge til rette for utanlandsk eigarskap i mobiltelefoniselskap.

Når høvet kjem og Tisa-landa vil samlast att om forhandlingar, er Noreg klar til å arbeide vidare for desse forhandlingsmåla.