Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Tisa-avtala

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om kva Noreg gjorde for å avgjere kva som skulle vere utanfor "National Treatment" i Tisa-avtala.

Skriftleg spørsmål nr. 1451 (2015-2016).
Datert 16.08.2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp):
Korleis var prosessen i dei ulike departementa for å avgjere kva område Noreg ynskjer å halde utanfor "National Treatment" i Tisa-avtala, vart det sett i gang ekstern utgreiing, utgreiing gjort av fagfolk i Helse – og omsorgsdepartementet og var det halden open intern høyring for departementa?

Svaret til utanriksministeren:
Prosessen som leia fram til det norske opningstilbodet starta under førre regjering, som Navarsete var del av. Då regjeringa stadfesta Noregs deltaking i Tisa og la fram eit opningstilbod i november 2013, var det utvikla i samråd med fagdepartementa.

Regjeringa vurderte at det ikkje var grunn til å avgrense rekkevidda av opningstilbodet i Tisa meir enn det som følgde av Noreg sitt siste tilbod i Doha-forhandlingane, lagt fram i juni 2005, om WTO-avtalen om handel med tenester (Gats).

Innanfor helsesektoren er Doha-tilbodet ei oppramsing av gjeldande plikter etter Gats, som vi sidan 1995 har vore bundne av. Dei norske Tisa-tilboda (opningstilbodet frå november 2013 og det reviderte tilbodet frå mai i år) medfører inga endring i innhaldet av noverande plikter på helsesektoren. Røynsla viser at eksisterande plikter ikkje har gjort det vanskeleg for kommunar og andre helsemyndigheiter å halde fram med eit godt offentleg helsetilbod.

For å sikre handlingsrom i sektorar som er dominerte av offentleg tenestetilbod, har vi skrive inn breie reservasjonar mot prinsippet om nasjonal handsaming av sjukehustenester og andre institusjonaliserte helsetenester. Det er ikkje skrive inn ein plikt til marknadstilgang på dei same sektorane.