Historisk arkiv

Svar på spørsmål om utlysing av tilskotsmiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om når han vil følgje opp kravet om at tilskotsordninga Utvikling og nedrusting vert utlyst i 2016.

Skriftleg spørsmål nr. 1659 (2016-2017).
Datert 28.09.2016

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren: Når vil utanriksministeren følgje opp fleirtalsmerknaden til RNB som føreset at tilskotsordninga 164.72 Utvikling og nedrustning vert utlyst i 2016?

Utanriksministeren sitt svar:
Utanriksdepartementet kunngjer årleg tilskotsordninga 164.72 Utvikling og nedrustning.

Målet med ordninga er å styrke kapasiteten i utviklingsland til å følgje opp og gjennomføre internasjonale skyldnadar innan nedrustning og ikkje-spreiing. Ein annan målsetnad er å styrke kompetanse og kapasitet i både FN-systemet og det sivile samfunn til å fremje arbeidet for nedrustning og ikkje-spreiing.

Tilskotsordninga vart utlyst 4. oktober 2016.