Svar på spørsmål om atomvåpen og 16-landsgruppa

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

Skriftleg spørsmål nr. 905 (2014-2015)

Utanriksminister Børge Brendes svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete om kvifor Noreg ikkje kunne vere med på dokumentet om atomvåpens humanitære konsekvensar frå den såkalla 16-landsgruppa.

Skriftleg spørsmål nr. 905 (2014-2015).
Datert 24.04.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
«Kvifor vil ikkje regjeringa vere med på dokumentet om atomvåpens humanitære konsekvensar som det vart forsøkt oppnådd einighet om i 16-landsqruppa, og som skal leggjast fram på tilsynskonferansen for ikkje-spreiingsavtalen, og kva for formuleringar i dette dokumentet er det regjeringa ser på som problematiske?»

Svar frå utanriksministeren:
Eit viktig mål for Noreg under tilsynskonferansen for NPT i New York er å få eit godt sluttdokument som kan fungere som ein handlingsplan for vidare nedrusting av kjernevåpen. Dette er eit særs viktig aspekt ved alle dei innspela Noreg har bidratt til.

Det er avgjerande å få inn gode formuleringar i sluttdokumentet frå tilsynskonferansen som reflekterer den faktabaserte tilnærminga til Oslo-konferansen. Dette er bakgrunnen for det norske arbeidspapiret til tilsynskonferansen.

Noreg har jamvel, saman med dei andre nordiske landa, levert inn eit felles arbeidsdokument. Den nordiske krinsen deler sentrale verdiar, og felles nordisk samverknad er alltid positivt. Gjennom det nordiske arbeidsdokumentet har vi ytterlegare utvida krinsen av land som deltek aktivt som pådrivarar i spørsmål knytte til nedrusting.

Å lyfte dei humanitære perspektiva inn i tilsynskonferansen er eit viktig siktemål med det nordiske arbeidsdokumentet. Eit anna er å gje støtte til å setje i gang forhandlingar for å forby produksjon av spaltbart materiale. Det nordiske dokumentet støttar opp om prinsippet om effektiv og verifiserbar nedrusting. Dette er ei tilnærming som kan bidra med metodar som fremjar faktisk nedrusting. Dokumentet oppmodar kjernevåpenstatane til å setje i verk prosedyrar som forlengjer klargjeringstida for bruk av kjernevåpen. Det oppmodar òg til å halde fram innsatsen for å redusere den rolla kjernevåpna spelar i dei strategiske doktrinane.

Det austerrikske arbeidsdokumentet, fremma på vegner av 15 land, bidrar òg til å skape merksemd rundt dei humanitære perspektiva på ein detonasjon av kjernevåpen, i tråd med resultata frå Oslo-konferansen i 2013 og dei påfølgjande konferansane i Mexico og Austerrike. Dokumentet har samla sett argumentasjon som leiar fram til forbod som ein naturleg konklusjon. Difor har Noreg ikkje slutta seg til dokumentet. Heller ikkje Nato-landet Danmark har slutta seg til.