Historisk arkiv

Svar på spørsmål om forhandlingar i WTO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om det er eller blir utforma nye mandat til komande og allereie starta diskusjonar og forhandlingar for norske forhandlarar i forkant av ministermøtet til WTO i november/desember.

Skriftleg spørsmål nr. 488 (2021-2022).
Datert 26.11.2021

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:
Er det eller blir det utforma nye mandat til komande og allereie starta diskusjonar og forhandlingar for norske forhandlarar i forkant av ministermøtet til WTO i november/desember?

Utanriksministerens svar:
Som ein mellomstor og open økonomi har Noreg ei heilt grunnleggjande interesse av eit robust, globalt, regelbasert handelssystem. Det er avgjerande å ha eit sterkt multilateralt system som legg til rette for at internasjonal handel er rettvis og prega av likskap og openheit.

WTO er sjølve ryggraden i dette. Rammeverket i WTO sikrar våre interesser når vi handlar med andre land, og gir norsk næringsliv marknadstilgang og føreseielege vilkår.

Det er gjennom internasjonal handel vi skal skape velferd og vekst for komande generasjonar. Like og rettvise spelereglar for internasjonal handel er også avgjerande for at vi skal lykkast med berekraftsmåla.

WTO sin respons på pandemien var ei av hovudsakene på sakskartet til ministerkonferansen.

WTO treng ei heilskapleg tilnærming til korleis internasjonal handel kan stø det globale helsearbeidet og hjelpe til å auke produksjonen av vaksinar, legemiddel og medisinsk utstyr.

Det multilaterale handelssystemet må gi betre støtte til global helseberedskap. Alle delane av regelverket bør vurderast, inkludert immaterielle rettar (Trips). Regjeringa meiner eit tilpassa unnatak (waiver) frå Trips-avtalen kan bli del av eit kompromiss om WTO sin respons på pandemien. Regjeringa har derfor vedtatt at Noreg kan støtte eit unnatak for patentar på covid-19-vaksinar i dei vidare forhandlingane i WTO.

Det er viktig for regjeringa at handelspolitikken er inkluderande. Han må stø opp om grunnleggjande standardar, om arbeidstakarrettar, og hjelpe mot klimaendringane. Regjeringa har løfta fram dette i Hurdalsplattformen.

Mandatet som ligg til grunn for den norske delegasjonen til WTOs ministerkonferanse ivaretek desse omsyna. Ministerkonferansen måtte dessverre utsetjast på grunn av covid-19-situasjonen.