Historisk arkiv

Det blir ikkje meir klimainnsats av å rekne annleis

Sveinung Rotevatns avisinnlegg om CO2-opptak i skog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns innlegg om korleis ein reknar opptak av CO2 i skog i det norske klimamålet. Det er publisert i fleire aviser.

Klimaet bryr seg ikkje om reknemetodar, men om dei faktiske utsleppa.

Tenk deg at det er laurdag og dugnad i burettslaget. Du grip tak i ei rive, rakar lauv på fellesområdet i ein halvtimes tid – og så set du deg på ein benk resten av dagen og lar dei andre fullføre jobben. Du gjorde trass alt så mykje på dugnaden i fjor, at det må du vel kunne trekke frå på årets innsats?

Dette er det Frp i praksis ber regjeringa å gjere, når dei tek til orde for at vi bør halvere Noreg sin klimainnsats sidan skogen vår hadde så stor vekst på 1990-talet og fram til i dag.

I fleire medieutspel den siste tida har Framstegspartiet tatt til orde for å rekne inn alt CO2-opptak i skog i klimamålet, slik at vi ikkje treng å kutte like mykje for å ende på 50-55 prosent utsleppskutt i 2030. Det kan sjå ut som ei enkel løysing, der vi ikkje må gjennomføre dei klimatiltaka som Frp er mot. Men "løysinga" er like dårleg som ho er enkel.

I sitt nye klimamål har EU vald å rekne inn skogopptak på ein måte som Noreg ikkje gjer. Det får heldigvis ikkje enorme konsekvensar for ambisjonsnivået. I praksis betyr endringa at når EU seier 55 prosent inkludert skog, vil dei i realiteten kutte om lag 52 prosent av dei andre utsleppa, altså utslepp frå transport, industri, jordbruk og så vidare.

Skulle Noreg rekna på same måte, ville det fått store konsekvensar. Rett og slett fordi vi har mykje opptak i skog samanlikna med utsleppa våre. Og skogen har vore inne i ein kraftig vekstfase sidan 1990, som er året målet tek utgangspunkt i. Dette er skogen som vart planta etter krigen, då Noreg satsa stort på skogreising. Viss vi nytta same reknemetode som EU, ville det reelle målet for utsleppskutt i Noreg blitt 25 prosent.

Det vil seie at når Frp og andre ber om eit likelydande mål som EU, er det i praksis ikkje likt: Då vil EU kutte 52 prosent og vi kutte 25 prosent. Det vil vere ei kraftig svekking av det norske klimamålet. Det strir mot Parisavtalen, som er tydeleg på at eit nytt mål ikkje kan vere svakare enn det førre.

Då vi bestemte målet, valde vi å ikkje telje skog på den måten som Frp no føreslår. Skulle vi hatt ein slik reknemetode, ville vi satt klimamålet langt høgare for å oppnå like store utsleppskutt. I eit slikt scenario burde det norske klimamålet ha vore på om lag 90 prosent, for å ha eit samanliknbart ambisjonsnivå som EU.

Parisavtalen opnar som sagt ikkje for å svekke sine eigne klimamål. Men reint teoretisk, dersom vi ser vekk frå dette, kunne Noreg ha vald å gjennomføre klimamålet vårt på den måten Frp føreslår? Altså å rekne med alt opptaket i skog og berre redusere utsleppa våre med 25 prosent innan 2030?

Ja, sjølvsagt kunne vi det. Vi kunne også vald å redusere utsleppa med berre 15 prosent. Eller med 5 prosent. Eller 0,5 prosent. Parisavtalen pålegg nemleg ikkje kvart enkelt land å kutte ein viss del av utsleppa sine. Den set eit felles mål for alle land, og så er ein avhengig av at landa frivillig melder inn kor mykje dei har tenkt å bidra med i dugnaden, for at det heile skal gå i hop.

Og då er vi tilbake til dugnaden i burettslaget. Noreg kunne i teorien jobba ein halvtime, satt seg på ein benk og sett på at dei andre fullførte dugnaden på eiga hand. Det er ikkje i strid med vedtektene i burettslaget å gjere det på den måten. Men vi kjem ikkje noko nærare å få årets jobb gjort. Tvert imot, vi overlet jobben til andre.

Og ikkje berre det – vi overlet til andre å tene pengar på ny teknologi og smarte løysingar for det lågutsleppssamfunnet vi skal omstille oss til. Vi svekkar Noregs posisjon. Det er omtrent som å tvihalde på seglskip då alle andre gjekk over til dampskip for over 100 år sidan.

I dag skal vi gå vidare frå fossil skipsfart til grøn skipsfart. Og tilsvarande skifte skjer i alle andre sektorar også. Dei landa som er først ute med å kutte klimagassutslepp, vil få eit forsprang i den globale konkurransen.

Debatten om mål og reknereglar er interessant, men tek oss ikkje særleg langt i å få ned utsleppa eller å auke opptaket. Regjeringa har lagt fram ein ambisiøs klimaplan med konkrete verkemiddel for dette.

Vi skal vere glade for at norsk skog bind mykje karbon. Men den bind ikkje noko meir eller mindre karbon avhengig av kva bokføringsgrep Noreg vel når vi melder inn klimamål etter Parisavtalen. Difor bør vi fokusere på det vi skal gjere framover: Sikre at skog- og arealsektoren held fram med å binde karbon, kutte klimagassutsleppa frå alle sektorar og sikre at Noreg blir ein vinnar i det grøne skiftet.