Historisk arkiv

Klimaplanen og krav i offentlege innkjøp

Sveinung Rotevatns innlegg på IKT Noregs anskaffingskonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Korleis kan offentlege innkjøp brukast i klimaets teneste? Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) sitt innlegg på IKT Noregs konferanse om offentlege anskaffingar.

Kjære alle saman!

Takk for å bli invitert til å snakke om eit viktig tema. Eg skal dra dykk gjennom eit overblikk over korleis regjeringa tenker.

Regjeringa har ganske nyleg lagt fram ein klimaplan. Den er  er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk.

Dette er den første heilskaplege klimaplanen for ein tiårsperiode, der vi ikkje berre skal nå eit mål ti år fram i tid, men også skal nå eit mål kvart einaste år i dei ti åra. Utsleppa skal gå nedover jamt.

Planen gjeld for alle utsleppa i Noreg: Industri, avfall, olje og gass, luftfart, transport, også vidare. Og den gjeld opptak og utslepp av CO2 frå skog og andre areal. Den famnar heile økonomien, den er ambisiøs og detaljert. Det er ingen enkel oppgåve å gjennomføre planen, men definitivt noko som skal gjennomførast.

Vi skal om lag halvere klimagassutsleppa fram mot 2030 og samtidig skape nye jobbar. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga.

Samarbeid med EU

Eit viktig grunnlag for norsk klimapolitikk, og for klimaplanen til regjeringa, er at vi er ein del av verdas mest ambisiøse klimasamarbeid: Klimasamarbeidet i EU. Når vi er del av eit forpliktande samarbeid med kontrollar, med system, med tydelege mål, med fordeling, så er det sjølvsagt noko vi må oppfylle og følgje opp, og det har regjeringa tenkt å gjere. Vi blir haldne ansvarlege for den jobben vi gjer.

I planen seier vi kva vi skal gjere dei neste ti åra, korleis vi skal bidra til utsleppskutt, og kor mykje dei ulike grepa vil bidra med. Den utrekninga er det første gong ei norsk regjering har lagt  fram.  Den viser ikkje berre klimamålet og klimabudsjettet kvart år. Den viser også det vi anslår er effekten av dei ulike tiltaka vi vil gjennomføre i antall tonn CO2 som er kutta.

I planen vil de sjå kor store kutt auka CO2-avgift vil bidra med,  bruk av biodrivstoff, offentlege innkjøpskrav, ulike grep og verkemiddel innanfor jordbruket og andre sektorar. I sum skal dette gjere at vi ikkje berre kjem i mål og kuttar utsleppa med 16,6 millionar tonn dei neste ti åra. Men vi skal kutte med oppimot 20 millionar tonn. Vi har ambisøse mål, og vi skal overoppfylle dei måla.

Auka CO2-avgift

Dei norske klimagassutsleppa går ned, og dei er på sitt lågaste nivå på 27 år. Men det er likevel ikkje godt nok. Måla våre er høgare enn som så. Dersom vi berre fortset som før, kjem vi ikkje til å nå dei. Utsleppa vil gå ned, men ikkje raskt nok. Ergo må vi gjere meir, og det er det planen legg opp til.

Det tiltaket som kuttar mest utslepp, 7,5 millionar tonn av dei 20, er auka CO2-avgift. Vi foreslår å gradvis auke dagens avgift, som ligg på om lag 590 kroner tonnet, til 2.000 kroner i 2030.

Vi gjer ikkje det for å hente inn meir pengar til statskassa. Vi gjer det for å sende eit langsiktig prissignal til næringslivet, så dei kan planlegge og investere, så dei veit kva dei skal forhalde seg til, veit kva det vil koste å sleppe ut CO2 dei neste ti åra.

Med denne auken, som er nesten ei firedobling av avgiftsnivået, vil næringslivet få eit sterkt insentiv til å investere i grønare løysingar, grønare teknologi, kutte utslepp og skape verdiar.

Det påverkar alle beslutningar. Når du treffer botnlinja, så treffer du dei som tek avgjerdene, og det kjem til å verke kraftfullt i åra framover.

Målet er som sagt ikkje å auke skatte- og avgiftsnivået. Denne regjeringa ønsker ikkje det. Det vil lovar samtidig er at vi skal gje pengane tilbake igjen til bedriftene, til vanlege folk, slik at ein i sum kjem like godt ut, men der dei som investerer grønt, kjem aller best ut.

Grøne offentlege innkjøp

Så har vi ein plan for offentlege innkjøp, som er tema for konferansen her i dag.

Vi har tenkt å bruke den 560 milliardars muskelen til klimaets beste.

Ved å etterspørje store kvantum kan nemleg det offentlege bidra til å redusere produksjonskostnader og marknadsprisen for ny teknologi. Det å stille tydelege krav gjennom dei neste åra kjem til å bidra kraftfullt til det.

Vi anslår at effekten av dei krava vi har tenkt å innføre som er varsla no vil vere cirka 3 millionar tonn i Noreg dei neste ti åra. Då kjem vi til stadig å stille nye krav etter kvart som teknologien er moden.

Allereie frå neste år blir det tydelege krav om nullutslepp frå personbilar og varebilar. Ferjer frå året etterpå. Havbruksnæring 2024, hurtigbåtar 2025, bybussar 2025.

Slik kjem vi til å tenke. Dette må næringslivet og det offentlege rette seg etter, og det vil kutte utslepp.

Kommunar og fylkeskommunar

Innanfor transport vil det kome ei rekkje krav. Neste år er beskjeden til alle kommunar, fylkeskommunar og sjølvsagt staten sjølv, at innkjøp av personbilar og varebilar skal vere nullutslepp.  Den teknologien er moden, den er klar, den er konkurransedyktig, og det er ingen grunn til ikkje å stille dei krava no. Derfor gjer vi det.

Alle bybussar vil få krav frå 2025. Det er anbod som tar tid og går mange år fram i tid. Men der er også teknologien meir enn klar til å begynne å rullast ut. Kostnadsnivået er høgare på investeringstidspunktet, men ein skal klare å tene det inn igjen over livsløpet og gjennom lågare driftsutgifter.

Så er det sjølvsagt mange som lurer på korleis dette påverkar kommune- og fylkeskommuneøkonomien. Det eg vil seie er at vi som stat kjem til å kompensere kommunar og fylkeskommunar for eventuelle  meirkostnadar som følgjer av nye anbodskrav. Så det skal ein vere trygg på. Vi skal stå i denne klimadugnaden saman.

Grøn skipsfart

Når det gjeld transport til havs, har ting allereie skjedd veldig fort. Før 2015 fanst det ikkje ei einaste elektrisk ferje i Noreg eller i verda. No, i februar 2021, er det 72 elektriske ferjer i drift, og fleire er på veg. I år ventar vi også dei første hydrogenferjene på vatnet.

Det har skjedd på grunn av krav i offentlege anbod som vi har stilt.

Noreg er heilt i tet i verda når deg gjeld utviklinga av grøn skipsfart, og til forskjell frå den fantastiske utviklinga vi har hatt på elbilar i Noreg, så er dette teknologi som blir bygd og utvikla i Noreg og ikkje berre importert frå utlandet. Så i tillegg til å kutte utslepp, skapar det industri og arbeidsplassar langs heile kysten vår.

Fylkeskommunane kjøper inn ferje- og båttenester på fylkesvegstrekningane og staten kjøper inn på riksvegstrekningane. Denne offentlige innkjøpsmakta har vi brukt med hell og det skal vi fortsette med.

Frå 2023 skal det stillast krav til alle ferjer, 2025 alle hurtigbåtar, vi kjem også med krav til havbruksnæringa og supplybåtar med meir.

Det å frakte gods klimavennleg, det kjem til å vere heilt avgjerande.

Bygg og anlegg

Regjeringa har også eit mål om at bygge- og anleggsplassar skal vere fossilfrie innan 2025.

Dei som bygger veg og jernbane i Noreg  er blant dei største byggherrane i dette landet. Dei har eit særskilt ansvar for å kutte utslepp. Dei må gjere meir. Vi kjem til å bruke krav i offentlige anskaffingar til å sørge for at det skjer.

Vi stiller også aukande omsetningskrav for biodrivstoff i vegtrafikken, noko som har fått utsleppa ned, og skal også gjere det for anleggsdiesel og vurdere det for skipsfart. Vi skal gjere det på ein måte som sørger for at det er berekraftig biodrivstoff vi brukar. Det er alltid ein balanse vi må passe på. Men så sant det er berekraftig, vil det bidra både til å kutte utslepp og få til ein effektiv sirkulær økonomi.

Klimasmart meny

Så eit par ord om mat og matsvinn. Mat er viktig i alle sine liv, men det er også veldig viktig i klimasamanheng, noko stadig fleire blir opptekne av. Vi kjem til å jobbe for at offentleg sektor stiller tydelege klima- og miljøkrav når dei skal kjøpe eigne mat- og måltidstenester.

Korleis kuttar du klimabelastninga frå mat?

Det er særleg gjennom to ting: Kva vi puttar i munnen, at menyen er klimasmart, og kva vi veljer å ikkje putte i munnen og kaste, og som vi må gjere mykje mindre av. I  sum er det dette som gjer at vi får ned utslepp.

 Betre liv

Til sist: denne planen legg til rette for konkurransekraft i næringslivet, betre liv for alle, og at vi skal ruste Noreg for framtida.

Eg opplever at næringslivet skjønner at tøffe klima- og miljøkrav er bra for konkurransekrafta, og at dei er positive til det. Vi skal bruke viktige verkemiddel for å omstille oss.

Og så er det viktig for meg å seie, i alle slike samanhengar, at det å kome inn i ei grøn framtid, gjennomføre det grøne skiftet, det skapar ikkje dårlegare liv for folk. Det skapar betre liv, med meir stillegåande trafikk, mindre luftforureining, sunnare kosthald – trass alt betre liv for alle i heile Noreg.

Tusen takk for meg!