Historisk arkiv

Sviktar ikkje dei bustadlause

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt il Varden, Rogalands Avis og Haugesunds Avis 13.01.2010.

Dagfinn Høybråten, leiar i Kristelig Folkeparti, etterlyser her i avisa ei kursendring i arbeidet med bustadløyse. Eg er glad for at KrF er oppteken av ei utsett gruppe menneske, men den endringa han spør etter kom i 2005, då den raudgrøne regjeringa har styrka dei bustadsosiale verkemidla monaleg.

Eg vil gje Høybråten rett i at det framleis er utfordringar på feltet. Vi føler båe med dei som lever under slike tilhøve. Kartlegginga av bustadlause som vart gjennomført i ei veke i november 2008, er ei klar melding om at me saman med kommunar og frivillige må intensivera innsatsen.

6100 personar er registrerte som bustadlause, ifølgje den kartlegginga som blei gjort ei veke i november 2008. Det er 600 fleire enn før vi tok over i 2005. Det er viktig å vere klar over at to prosent av desse var utan ordna opphaldsstad komande natt, dei som gjerne vert kalla uteliggarar. Desse har krav om tilbod frå kommunen, men vel av ulike grunnar å sove ute. Vi har no til vurdering om vi treng nasjonale kvalitetskrav for dei mellombelse overnattingstilboda kommunane kan tilby. Dei andre som er omfatta av omgrepet, er personar som er tilvist akutt eller mellombels overnatting, er under kriminalomsorga og treng bustad innan to månader, er i institusjon og blir skrivne ut innan to månader eller bur mellombels hos venner eller familie

Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med resultata. Men ei styrking av økonomien i kommunane dei siste åra har hatt ein verknad. Det er kommunane som har hovudansvaret for at dei som har det vanskeleg på bustadmarknaden får eit butilbod.

Det er også viktig at Husbanken har førebygging og avskaffing av bustadløyse som si prioriterte oppgåve. Resultatet frå kartlegginga og erfaringar som Husbanken har gjort i kontakten med kommunane, vert nytta aktivt. Ikkje minst skal ressursar og kompetanse i Husbanken no rettast mot dei kommunane som har størst trong for oppfølging og bistand.

Høybråten etterlyser fleire bustader og betre oppfølging fordi ein del av dei bustadlause har samansette problem knytt til rus og psykisk helse. Oppfølging i bustad viktig. I 2008 opna vi difor for 40 prosent bustadtilskot der kommunane har ein plan for oppfølging i bustad.

Vi bidrog også til ei auke på 2300 kommunale utleigebustader i 2009. Det er den største satsinga på utleigebustader nokon gong! Tilskota til etablering av fleire utleige-, student- og omsorgsbustader er monaleg styrka i stortingsperioden.

Vi har også fått på plass ei ny bustøtte. Bustøtta vart sist år styrka med nær 1,2 mrd kroner til 3,5 milliardar kroner årleg. Frå 1. juli i fjor vart det opna for at om lag 50 000 fleire vanskelegstilte husstandar kan koma inn i ordninga, ei ordning som frå før femnar 100 000 husstandar. Styrkinga verkar forebyggjande ved at fleire vil klare å halde på bustaden sin. Styrkinga vil og vera til stor hjelp i arbeidet med å busetja bustadlause og andre vanskelegstilte.

Kva gjeld dei andre utfordringane knytt til rus og psykisk helse er ikkje regjeringa tilfreds med at ventetida til tverrfagleg spesialisert rusbehandling aukar. I tråd med Opptrappingsplan for rusfeltet skal kvalitet og kapasitet innan tverrfagleg spesialisert behandling, inkludert lækjemiddelassistert rehabilitering, bli styrkt. Det skal redusere ventetider og syte for eit samanhengande behandlingsforløp, slik at det ikkje oppstår ventetid.

Vi har tru på at kommunane tek ansvar og vidarefører dei resultata som er nådde gjennom 10 år med satsing på psykisk helsearbeid i kommunen. Vi følgjer sjølvsagt utviklinga nøye.