Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Sylvi Listhaug deltek på rullatormila i Åmot 12. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug skal vere med på rullatormila, eit mosjonsløp for eldre, i Åmot. Listhaug skal også ha møte med det private firmaet Shapemaster, som lagar treningsmaskiner som passar for alle.

Program:

Kl. 11.15–12.00: Eldre- og folkehelseministeren skal besøke Åmot og delta på rullatormila. Det er eit utradisjonelt mosjonsløp for eldre i regi av Modum menighet og sjukeheimen i kommunen. Barnehagar og skuleklassar er heiagjeng, medan elevar frå Buskerud videregåande skule fylgjer dei eldre. Eldre- og folkehelseministeren skal delta i løpet.

Adresse: Kapellveien 1, 3340 Åmot  

Kl. 12.00-12.30: Møte med Shapemaster Scandinavia AS

Shapemaster produserer treningsmaskiner som rører på seg med hjelp av motor og girkasse. Firmaet har skapt treningssenterkjeden «Feelgood», eit konsept som rettar seg mot alle som ikkje kjenner seg heime på tradisjonelle treningssenter eller som er ute etter ein lågterskel-aktivitet.

Adresse: Industriveien 38, 3340 Åmot

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengelig for intervju.